Meny Lukk

Fødestaden min. Av Karstein Roth.

Det er ikkje so lenge ætta mi hev butt på den garden, der eg er fødd og hev vakse upp. Bestefar min kjøpte garden for vel femti år sidan, av ein mann som heitte Ola, han døydde fyrr eg vart fødd; men kona hans hugsar eg.

På ein gard som heiter Buset var bestefar fødd, og der lever og mange av skyldfolka hans enno. Det er ei stor ætt, og eg er i slekt med mest alle huslydar der på stranda.

Fødegarden min heiter Rot, og ligg på austsida av Storfjorden, i ei lita bygd som heiter Bukta. Kva namnet kjem av veit eg ikkje visst; men sume trur det kjem av trerøter, for der er mykje skog. Bøen er ikkje breid; men han er svært lang, og gjeng langs fjøra, ovanfor er der beite upp etter heile fjell-sida, og uppe på fjellet er fint og flatt, der er sauene våre um sumaren.

Av-di fjella som går ikring bygda er høge og bratte, so er det lenge sola er burte um vinteren, heile seksten vikor; men um sumaren skin ho mest rundt att.

Det er uvisst å segja kor lenge det hev butt folk på denne garden, sume trur der berre hev vore tri-fire mann, men det syner seg etter kvart, at der hev butt mange fleire. Desse som hev butt der fyrr hev ikkje arbeidt mykje med jorda, dei hev drive jordbruk og fiske jamsides, difor so var der lite dyrka mark då bestefar kom der. Han tok til å rydja burt stein av eit stykke på heimebøen, og seinare braut han mykje ogso; men som kom ei stor steinskrida og reiv burt alt i hop, so der låg att berre grusdungar og store steinrøyser, det var berre sovidt at ikkje husa og strauk med. No hev dei rydt burt det meste av steinen, og jamna jorda att, so der veks meir enn fyrr, men so fint er der ikkje.

Det veks mykje skog på bøen og i utmarka, difor er der fagert heime når skog og mark stend klædd av blad og blomar; men um hausten og vinteren er det ikkje alltid so hyggjeleg, når nordvesten piskar på glasruta, og storbåra og fonnene dyn so stova rister, då hadde visst mange tykt at det ikkje var morosamt å vera der.

Etter som gamle folk segjer, so er der ikkje andre stader på heile bøen enn der stova vår stend, som det ikkje hev gått fonn. Uppe i fjellsida er der mange gil etter fonner; men no veks der so mykje skog at det vert vel snart slutt med fonner og.

Nedanfor bøen ligg det ei breid, fin fjøra, kvit og reinvaska av storbåra, som um vinteren kjem inn Breisundet. Då er ho ofte så stor at ho slær langt fram på marka, so ein ikkje kan koma på sjøen på mange dagar. Etter slike uversdagar ligg det jamt att ei rekkja med svamp og andre sjøvokstrar fram på marka. Steinane i fjøra er jamt so store som kastesteinar, og oftast heilt runde. Slik stein finn me att i åker og mark til vel hundrad meter over havet.

Det er truleg at sjøen og fjøra hev nått lenger upp og; men det er vel so lenge sidan, at fonnene hev reinska burt fjøresteinen og skift jordbotnen, difor finn me att her same slag stein og jord, som uppe i fjell-sida.

Ein stad på bøen ligg ei stor, rund stein-røys, me kallar henne Pengerøysa. Det er ein stor haug av stein, men steinane er ikkje større enn ein godt kan lyfta deim. Det er sagt, at der skal vera gøymt ein skatt i denne røysa, og fleire gonger hev der vore grave og kasta til sides stein, so no er der ei stor hola midt i røysa; men der hev ikkje vore funne noko nemnandes enno. Likevel tyder mangt på at der kan vera gøymt eitkvart, so det er meininga å grave ut haugen.

Uppe i fjellet er eit stort skar, det heiter Kloven. På nordsida er fjellet stupbratt, der er det over tvo hundrad meter rett ned i botnen, men på sørsida er det litt skråa. Det er truleg is og vatn som hev laga det.

Garden vår var fyrst bytt i tvo, no er den parten som bestefar åtte skift millom far og farbror. Rundt om stova er der planta hyll, og nedanfor hev me ein hage. Då bestefar hadde garden, kunde dei føda åtte kyr og ein øyk, no føder dei seks kyr og ein øyk og ti sauer på kvar part av garden.

Karstein Roth (1900-1928).