Meny Lukk

Simå-Johanne

I 1919 fortalde Knut Grønnevet (1840-1931) til folkeminnesamlaren Johan Haddal at «Vartdalsstrandingane losjerte med Simå-Johanne i Ålesund og betalte 2 skilling natta. Johanne var frå Årsetdalen. Ho hadde hus i Einarvika med berre 4 vegger. Dei hadde med seg mjølk og anna til henne.» Denne Johanne er ikkje nemnd i gardssoga hans Johannes Buset. Ho må ha vore dotter til Simon Pedersson som i 1771 bygsla ein del av Myklebust, sjå side 526 i Fyrste bandet av Vartdalssoga. Ti år seinare kom ny brukar i staden for Simon. Kva som hende «Simå» får vi neppe greie på. Han kan ha døydd, eller han har måtta gå frå bruket.

Johanne må ha vakse opp på dalen, men ho har nok flytta frå bygda tidleg i vaksneåra. For ho er ikkje å finne på Vartdal under folketeljinga 1801. Derimot finn vi henne att i ei folketeljing for Borgund i 1815. Ho skal då ha vore 40 år gammal og gift med den 31 år gamle husmannen Ola Knutsson. Borna Ingeborg på 8 og Peder på 4 år budde i lag med dei. Familien budde, som Knut fortalde, i Einarvika. Alderen til Johanne samstavar fullt ut med den tid Simon Pedersson dreiv jord på Myklebust. Også ei mindre grundig folketeljing for ladestaden Ålesund frå 1825 nemner Johanne, maken Ola og sonen Peder.

Kva tid Johanne døydde er ikkje klarlagt. Truleg la ho hovudet før Knut sjølv og hans jamaldra vartdalingar hadde behov for å overnatte under ei byferd. Forteljinga hans syner til ei tid frå 1805-10 til kanskje 1840-åra. Opplysningane om Simå-Johanne må han visseleg ha frå far sin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *