Vinteren 1916-17 henta Sosialdepartementet inn «Uttalelser om ædruelighetsforholdene» frå øvrigheita, mellom dei lensmenn og sokneprestar.
Soknepresten i Ørsta:
Paa Vartdalsstrandi er rusdrykken dømd slik i den aalmenne folkemeining, at nær sagt ingen vaagar aa henta rusdrykk heim; men storparten av ungdomen er ute paa fiske mest heile aaret, og det er aa ottast, at mange tek sin mun att, naar dei er burte fraa heimen og kjem paa stader, der det er lett høve til aa faa tak i rusdrykk. Freistingi vert so mykje støre med di, at mest alle dette aaret hev tent sers godt og hev det romsamt med pengar.
I Ørsta sokn, serleg paa strandstaden Ørstavik og der ikring, er verknaden, som dei gode pengetider øver på ædrugskapen, meir synberr. Vaaren og sumaren 1916 var her mykje laakt aa sjaa av drykk og ulivnad, som fylgde med millom fiskarane og andre unge arbeidsfolk. Unggutane kom heim med 2-3-4000 kronor fortenest kanske; dei tykte, dei hadde raad til aa driva dank ei tid, og so var der alltid «gode vener», gamle drikkarar, som var hjelpsame til aa skriva heim store og smaa sendingar brennevin fraa Larsnes. Det sette likevel ein støkk i folk, daa dei ein morgon fann ein ungdom død etter eit veldigt drikkelag, og siden hev det vore noko betre. Men no til jol (1916) skal det atter ha kome store sendingar.
Lensmannen i Ørsta:
I Vartdalsstrandens herred, hvor der er mere jevne gaardbrukerforhold, har der ikke forekommet beruselser i de 11 aar, lensmand har været lensmand i distriktet, – i alfald ikke i den grad, at det har vakt opmerksomhet eller voldt nogen uleiligheder. Da maa man vel si, at ædruelighetsforholdene er eksemplarisk gode, og de kan vel nærmest karakteriseres som total avhold. Nydelse av berusende drikke i den grad, at man hensætter sig i tilsynelatende beruselse, vilde bli en altfor stor skam at bære mellem bygdefolket.