Meny Lukk

Mikkel-ætta på Myklebust

I 1770 bygsla Mikkel Jakobsson Indre-Dimna 2 mellag i Myklebust-garden. Mikkel kom ikkje strake vegen frå Ulstein. Tidleg i 1750-åra gifte han seg med Eli Knutsdotter Grimstad som det vart halde skifte over på Øvrelid i Hareid i 1763. «Det er uvisst om Mikkel har vore brukar på Øvrelid.» (Bygdebok for Ulstein og Hareid. Band IV) Han hadde to søner i fyrste ekteskap. Mikkel gifte seg så med ei kvinne ein ikkje kjenner namnet på. Ho var død før folketeljinga 1801, Mikkel levde då.

Elias Mikkelsson (1768-1816), sonen Johannes (1816-1907) og sonesonen Knut Johannesson (1835-1880) var alle leiglendingar, ettersom bruket var kyrkjegods delt mellom Hareid og Ørsta. Fyrst ein gong på slutten av 1800-talet vart brukarane sjølveigarar. Hans K. Myklebust (1865-1943), fjerde-generasjons etterkomar etter Mikkel, vert særleg hugsa for å ha hatt ei uvanleg kraftig røyst. «Ein gong skal han ha ropa frå Korshamn og opp til Sætre etter båt, så dei høyrde han». Knut H. (1903-1980) var den siste som hadde gardsbruket til hovudyrke, sonen Harry (1941-2019) henta innkoma utanom garden. Over sju generasjonar voks 21 born opp i Mikkelgarden. Den siste av dei, Kari-Anne, kom til verda julaftan i 1970, nøyaktig 200 år etter forfedrane kom til gards. No, etter eit kvart tusenår på tuftene, er den eigenlege Mikkel-ætta historie.

Hans K. Myklebust.