Vala av stortingsmenn var i lang tid indirekte, fyrst ved stortingsvalet 1906 kunne den enkelte veljaren putte ei valliste i valurna. Før den tid vart det fyrst halde lokale val i det enkelte herad/prestegjeld eller by. Karane som fekk flest røyster i dei ulike herada møttest så til valting, for herada i Romsdals amt sin del, i Molde. Det var medlemene i dette valtinget som valde/kåra stortingsrepresentantar.
Vartdalingen Ola Andersson Erdal, f. 1812, vart vald til «suppleant» til valtinget i Romsdals amt i så vel 1847 som i 1850. Valet i Ulstein prestegjeld i 1847 vart halde den 27. juni. «Af Præstegjeldets 215 Stemmeberettigede mødte 139 personlig. Sex Stemmesedler fra Fraværende blev indleverede, men af disse bleve de tvende paa Grund af reelle og formelle Mangler ikke antagne for gyldige». Sokneprest og ordførar Hans Nicolai Wraamnn fekk heile 136 røyster, valde til valmenn vart også gardbrukar og «Kirkesanger» Martinus Overå og gardbrukar Nils Thoresen Nedrelid, dei fekk høvesvis 70 og 60 røyster. Varamennene Jon Pedersson Brandal, Magnus Nilsson Rise og Ola Andersson Erdal enda opp med 59, 39 og 30 røyster.
Tre år seinare, den «28de April holdtes Valgforsamling for Ulfsteens Præstegjeld i Ulfsteens Hovedkirke». 117 av dei 225 med røysterett valde Wraamann, Overå og Nedrelid til valmenn på nytt, med 108, 63 og 48 røyster. Sistnemnde vart valmann etter loddtrekning, ettersom Erdal fekk like mange røyster. Også karane Brandal og Rise vart varamenn som sist.
Året før det neste stortingsvalet omkom Ola Andersson Erdal den 16. september 1852, han fall av øyken sin i det han nedom Erdal prøvde å krysse den flaumstore Storelva.