Meny Lukk

Ivar E. Wartdal. Av Asbjørn Bortne

Ivar E. Wartdal var fødd som nr 2 av seks syskjen i Knutegarden. Som 16-åring tok Ivar, til liks med andre unggutar frå Vartdal den tida, seg rom på dei nye havfiskedampane som kom til i åra etter hundreårsskiftet, ein båttype som etter kvart førde til eit omskifte i norsk fiske. Saman med fleire andre ungdomar frå Vartdal stod Ivar E. Wartdal om bord i Skjerva-Knutsen (Michael Knutsen) sin fiskedamp S/S «Eystein». På «Eystein» var Laurits Vartdal skipper, og saman med han og 6 andre ungdomar frå Vartdal var Ivar i 1912 med å kosta fiskedampen S/S «Ramoen». Då S/S «Ramoen vart seld i 1918, sat eigarane att med 30000 kroner på kvar.

Ivar E. Wartdal i 1915. Kjelde: Fylkesfotorakivet.mrfylke.no

I 1916 tok Ivar E. Wartdal styrmannseksamen ved Kristiansand off. sjømannsskole. I 1917 og 1918 var han skipper på D/S «Skjold» som Olai Garshol åtte på den tida. I 1919 førde han under vintersildefiskja ishavsskuta S/S «Sylfiden». I åra 1922 og 1923 var han skipper på Ole Solbjørg sin damp D/S «Arnvid» og i 1924-25 førde han S/S «Sjøfuglen».

Svigerfaren Edvard Evensen i Arendal dreiv med fiskeeksport, og dette saman med røynslene frå fangst og fiske gjorde nok sitt til at Ivar E. Wartdal starta eksportforretning i Ålesund i 1927, ei verksemd som etter kvart skulle verte den største i sitt slag her i fylket. Ved sidan av sitt virke som kjøpmann var han medeigar i eit par fiskebåtar frå Vartdal.

I 1936 bygde Ivar E. Wartdal stovehus på eit stykke av farsgarden på Vartdal, og i alle åra sidan budde han og kona lange tider av året der. På Vartdal fekk han òg dyrke sin store hobby – laksefiske.