Meny Lukk

Folk frå fortida – Ingeborg Mathisen

Ingeborg Mathisen (1881-1967) var frå Hansgarden på Masdal. Hausten 1899 var ho elev på Møre Folkehøgskule i Ørsta, saman med Bertel Roth var ho to einaste vartdalingane i det fyrste kullet av elevar ved folkehøgskulen. Eitt skuleår var ikkje nok, så Bolla, som ho vart kalla, var elev ved Møre Folkehøgskule også skulevinteren 1900/01, ho losjerte då i heimen til Johan Næss på Velle. Sidan barst det i teneste, mellom anna i Ålesund. I desember 1910 var ho «Tjenestepige» i heimen til kjøpmann Nils Ringdal i Buholmgata 2. Etter den tid, uvisst når, vende ho heim til Hansgarden. Sommaren 1914 gav ho «en hjemmevævet seng» til barneheimen i Hovdebygda, eit sengeteppe ville vi nok sagt i dag. Gjennom brevbyte vart Bolla kjend med sjømannen Karl Mathisen. Dei gifte seg i Vartdals-kyrkja ein vårdag i 1925, og sette bu i ei hytte lengst sør/vest på Masdal. I ei lita løe ned mot bakkekanten fóra dei nokre sauer.

Frå sin barneår minnest Marit Havelin ei snill dame då ho fylgde far sin, Nils Grønnevet, som skulle kjøpe eit Mathisen-måleri i gåve til hennar onkel Knut. Truleg var det til 60-årsdagen hans Knut i 1961.

Ingeborg H. Masdal i 1907

1 kommentar

  1. Marit Havelin ( f.Grønnevet)

    Huska eg var med far ( Nils Grønnevet) for å kjøpe maleri til onkel Knut måla av Mathisen. 60 års gåve? 1961? Huska ei snill dame der

Kommentarer er stengt.