Meny Lukk

Fiskarsoge for Nøre-Vartdal

I Nøre-Vartdalbygda var det 2 seksringar i 1840-åra, med 5 mann i kvar båt og like store partar. Steina-Sivert var styremann i den eine seksringen, med seg hadde han Vilke-Ola, Nils-Knut, JoPe-Erik frå Årskog og Øggards-Mads. I den andre seksringen var Tore-Ingebrikt styremann. Ordninga med 2 seksringar i bygda gjekk langt attende. Med seksringane låg dei i Godøy.

Augustinus Øydegard (1824-1912) hadde lege i fiske på Havsteinen, der var fiskevær. Dei drog fram båtane i styggever.

Ottringstida frå 1860-åra til 1894-95

Ivar Persson Årskog var den fyrste som kosta ottring, sist i 1850-åra. Han hadde med seg nokre unge gutar. Steina-Johans kosta ottring sjølv fyrst i 1860-åra. Og så var det Sæssnils-Ola (=Liset-Ola) og medeigarane JoPe-Hans, Nils-Peder og Sæssnils-Hans, bror til Ola. Brørne Ivar N. Årskog og Johannes eigde ottring i lag, det same gjorde Tore-Elling og Vilke-Jon. Elias Ivarsson Årskog frå Hansgarden var styremann på ottringen han eigde i lag med broren Iver. Tore-Iver hadde ottring i lag med Jens Ødegård og Vilke-Bernt. Hans Villiksson Øydegard eigde båt åleine. Det var ikkje folk nok på Vartdalsstranda til å bemanne alle båtane, så det var med folk frå nabokommunar.

I ottringstida låg dei enten i Valkvæet eller Furkenholmen, seinare på Alnes.

Dekksbåtar

Fyrste dekksbåten kosta i 1898 av Tore-Iver, Jens Ødegård, Vilke-Bernt og Nils-Andreas. Same året kosta Laurits og Andreas Grønnevet båt, båten deira stasjonerte i Nøre-Vartdal frå då Andreas flytta til Årskog i 1902. I 1906 kosta Petter Masdal og Øggards-karane Nils og Rasofiel dekksbåt, med Petter som førar. Båten brukte dei eitt år som seilar. I 1907 vart det å gå over til motor. Dei som kvidde seg for å koste motor, selde båtane det året. Andreas Aarskog med fleire kosta motorbåt i 1907 (sjå oppslag: Motorbåten «Von») . Ivar H. Vartdal med fleire kosta motorbåt 1910. Av motorar var Alfa og Dan mest brukt.

I eit vanleg år fiska dei visst kring 5000 torsk.

Kjelde: Råstoff til Vartdalssoga.