Meny Lukk

Folk frå fortida – Vidia Kristoffersen

Vidia Kristoffersen (1887-1981) var frå Ivagarden på Årskog. I unge år reiste ho til Ålesund og tok teneste. Såleis tente ho i desember 1910 den barnerike familien til bakarmeister Erling Rødseth i Buholmgata, stod òg på kafé. I byen vart ho kjend med fiskaren Julius Kristoffersen frå Hadsel herad i Nordland. Ho budde i Langevåg då ho og Julius vart vigde i Ålesund kirke hausten 1914. I Langevåg sysselsette tekstilindustrien på jamnen mange hundrevis av unge kvinner, så det er rimeleg å tru ho søkte det betre løna fabrikkarbeidet. I 1921 flytta ekteparet og dei tre eldste av dei etter kvart fire sønene frå Holen i Sula til Årskog. Familien budde på Årskog til ut på 1950-talet. Sidan fekk Vidia og Julius husrom andre stader i bygda, hos næraste skyldfolket på Hammaren, så i Lyshol-huset og til sist i Villikegarden. Midtvegs i 1960-åra fekk dei plass på Vartdal Gamleheim (Helsetun), der Vidia fekk ein lang livskveld. Folketeljinga 1910 viser at ho var ei av seks kvinner/jenter i Norge som heitte Vidia. Namnet er ei forvansking av Ovidia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *