Meny Lukk

Folk frå fortida – Knut Grønnevet

Knut Grønnevet (1901-1962) var odelsgut til Grønneveta, bruksnummer 3 under Sætre. Han var gift med Liva Buset frå Johansgarden der, ho vart til dagleg kalla Liv. Saman dreiv dei Grønnevet-jorda frå 1942. I åra frå 1929 til 1945 vart Knut og Liv foreldre til sju born: Malmfrid, Leidulv, Lidrun [Strand], Kjellaug [Stavem], Kari [Vartdal], Leiv og Kjell – dei fire yngste levde i 2022. Knut dreiv sjøen frå unge år. Såleis var han bestmann på «Havmann» til han i 1933 stod i brodden då fiskebåten «Havhesten» vart kjøpt av eit nyskipa reiarlag i Vartdal. Sjølv førte han denne båten, som forliste i 1934 nord om Island. Sidan var han skipper på og disponent for «Norholmen», frå 1954 disponerte han òg den fyrste «Granit». Etter andre verdskrigen hadde han i mange år ymse ombod i Sunnmøre Fiskarlag og Noregs Sildesalslag, styremedlem i sistnemnde til han døydde av kreft i 1962. Også varaordførar i Vartdal kommune.