Mina J. Vartdal (1886-1978) var gardbrukar i Pegarden Nørevartdal i fleire tiår. Ho var opphavleg frå Steinagarden der. Mina gjekk husmorskulen i Ørsta før ho i 1912 gifte seg med jordaguten Jakob i Pegarden. Vinteren 1926 døydde Pe-Jakob, fire månader før deira sjuande barn kom til verda. Dei neste åra sleit Mina med å få livskostnadene til å strekke til. Systera Ragna tente då nokre år henne Mina, mor Steina-Pettrina lønte Ragna. Mina skal ha fått avslag då ho søkte kommunekassa om å få skatt ettergjeve. Kringom 1950 mista Mina eine auga i kreft. I samband med at ho vart operert i Ålesund, fekk ho sett inn glasauge. Sidan las ho meir enn nokon gong før, seiest det. Borna Margit, Petra [Flataker], Laura, Mattias, Johannes/Jan, Inge og Jartrud var fødde 1914-26. Sistnemnde vart som siste attlevande i syskenflokken gravlagt på dagen 100 år etter den fyrstefødde kom til verda.