Med 1922-åringane vert det her sikta til borna som vart fødde i Vartdal herad i året 1922, samt dei personane fødde andre stader same året som vart vartdalingar gjennom eigne eller andre sine val.
DEI INNFØDDE
Busette på eller i nærleiken av heimstaden kunne ein finne (ordna etter alder): Leiv Øye (døydde 3 år gammal), Anne Sætre (Boska), Einar H. Vartdal, Hans Aaheim, Reidar R. Sætre, Judith Ødegård, Rannveig Buset (Barstad), Edvin Sætre, Olav B. Roth, Henry Barstad, Karen Romestrand (Barstad), Olav Sætre, Gudrun Vartdal, Olav Masdal (d. 2018), Olav R. Masdal (d. 1958), Johannes Vartdal (Pe-Jan) og Margit Festøy.
INNFLYTTARANE
Ingeborg Alnes, Karsten Longvastøl, Solveig R. (Løset) Sætre, Anna (Raknes) Vartdal, Betsy (Småge) Vartdal og Jon Vårstulen.
DEI UTFLYTTE
Leikny Vartdal (Hovden) flytta til Ørsta, Mary Vartdal (Aarseth) til Volda, Mathilde Møllsæter (Fjelle) til Ulstein, medan Peder Remmen slo seg ned i Borgund. Tre kvinner var busett i Giske kommune: Eldrid Buset (Roald) på Vigra, Marit Barstad (Valderhaug) og Anny Masdal (Vadseth), begge på Valderøya. Jenny Ødegård (Moe) budde i Oslo, medan Ola Erdal og Jorunn Aarset (Rodhe) heldt hus i Bærum i Akershus. Sistnemnde døydde ved juletid 2021, tett på 99 år gammal.