Karen Ivarsdotter Aarskog (1886-1964) skal ha arbeidd i Ålesund i fleire tiår, både som tenestejente, syerske og på meieriet sitt mjølkeutsal. Ved folketeljinga i desember 1910 var ho «Tjenestepige» hos ein kolonial- og fiskehandlar i Kirkegata. I byen vart ho med i den religiøse sekta Kristi menighet, noko som gjorde at ho nettopp hausten 1910 melde seg ut av statskyrkja. I prat med henne sidan kom kristelege spørsmål ofte opp. Karen reiste tilbake til Ivagarden då ho pensjonerte seg, for å ta seg av husstellet i garden. I 1951 fekk ho og ei systersdotter skøyte på gardsbruket, elleve år seinare skøytte Karen sin part over på systerdottera. Karen døydde på Vartdal Gamleheim. I 2022 er Bjørn Rekkedal eigar og brukar av garden.
