Meny Lukk

Folk frå fortida – Ole Nytun

Ole Nytun (1875-1952) voks opp på Niklaplassen under Melbø. Det året han gjekk for presten var han i teneste i Hareidsdalen, slapp såleis å ro over Vartdalsfjorden. I 1895 var han ein av dei minst 10 vartdalingane sysselsett på Bodø Teglverk (sjå foto i Vartdalssoga III:369). Det er meir enn truleg at han arbeidde fleire sesongar (mai-oktober) på teglverket. Han var gift fyrste gongen i 1901 med Elina Johannessdotter f. Lynge (1876-1938). År 1903 fekk han skøyte på ein part av Ingridgarden på Barstad, bygde stove og løe på småbruket som fekk namnet Nytun.

Fram til 1920 vart Ole og Elina foreldre til 8 born. To av døtrene deira, Aslaug og Oddbjørg, døydde i ungdomen, den eine av tuberkulose og den andre av lungebetennelse. Eldste sonen, Jostein, tok over Nytun, også Borghild [Korshamn] og Olav Nytun busette seg i Barstadvika. Yngste sonen, Håkon, sette bu i Liavågen i Hareid. Dit kom også Ole etter han i 1940 gifta seg med Ada Aasen. Då han runda 75 vart han nemnd «småbruger og betongarbeider». Han døydde 77 år gammal i Liavågen, liket vart ført til Hareid kyrkjegard og jorda der. «Ole var ein mykje sympatisk og hyggeleg kar… ein grepa arbeidsmann» (Vikebladet 29.1.1959).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *