I Vartdalssoga III:271 står eit mindre avsnitt om motorbåten «Von», innkjøpt til Nøre-Vartdal i 1908. Her vert eigarane Andreas Aarskog, Karl J Vartdal, Jens Ødegård og Bernt J Vartdal nemnde. Av ei bevart, tynn skrivebok der utgifter er innført, kan det sjå ut som ein femtemann (J.V.) også har vore med om båtkostnaden. Kan hende var det ungdomen Jakob M. Vartdal (Pe-Jakob), andre alternativ er Jo-Johan og Bakke-Johan, karar som hadde bikka 50 år.
«Von» var ein 37 fot lang båt, fortalde Sigvald Vartdal bygdebokskrivaren Ivar Grøvik. Utifrå skriveboka får ein inntrykk av at Andreas og Steina-Karl har vore krumtappane i båtdrifta. Det er dei som våren 1908 reiser til Vestnes og gjer avtale om ombygging hos Lars Salthammer. Og det var Andreas som tok turen til Molde og bestilte ein Gideon-motor, den danske motorprodusenten hadde etablert seg med mekanisk verkstad i romsdalsbyen i 1907. Derimot var nok alle dei fire fyrst nemnde med ut til Flø i Ulstein og forhandla båtkjøpet med «Arne Flø», det må vere Arne Olsson Ytreflø (1847-1937), i «Fiskarsoge for Hareid kommune» omtala som ein kjend «storseilar». Kost til seglmakaren kan tyde på at seglmakar/«Blokmager» Ernst Bryne (1849-1922) frå Ålesund har utført sitt riggarbeid på Vestnes.
Av den nasjonale folketeljinga frå tidleg desember 1910 ser ein at Bernt og Andreas er vekke på sildefiske, med Ålesund som sannsynleg base – Karl og Jens er heime. Truleg nytta eigarane av «Von» då eigen båt. Dei siste notata over utgifter er frå 2. februar 1911. Ganske sikkert brukte karane båten i berre tre vintersfiskje: 1909, 1910 og 1911. Noko som kan tyde på at dei ikkje har vore vidare nøgde med fartyet.
