Meny Lukk

Folk frå fortida – Ivar J. Vartdal

Ivar J. Vartdal (1891-1964) var frå Jogarden i Nørevartdal. Han gifta seg i 1915 med Ragna Vikestrand (1887-1939) frå Volda, jordmor i Vartdal herad frå 1914. Dei vart foreldre til Johan, Torbjørg [Furuknap], Møyfrid [Hanssen], Gudrun og Petter, han døydde av lungebetennelse berre 11 månader gammal våren 1926. Jo-Iver, som han vart kalla til dagleg, var fiskar og medeigar i motorbåtane «Von» og «Isflaamann». I 1919 fekk han skøyte på farsgarden, eigde bruket til 1945. I mellomkrigsåra var Ivar bolkevis medlem i både heradsstyre, skulestyre og av likningsnemnda. Han var kyrkjeverje frå 1928 til minst 1935. Jo-Iver var ein pasjonert røykar av rulletobakk, med Tiedemanns Rød mix som ein klar favoritt.