Meny Lukk

Hundre år sidan «Veidemann» forliste i Strætet

Denne føremiddagen, 7. juni 2022, er det 100 år sidan mannskapet på ishavsskuta «Veidemann» (M-105-A) forlet fartyet og ein strid for livet tok til. Karane, 13 i talet, tok med seg begge livbåtane, men den eine gjekk tapt etter berre to timar. I storm og snøkave sikta dei seg vestover mot Grønland, utslitne slo dei leir på eit stort isflak. Andre dagen gjekk fire mann tilbake til skuta, som framleis flaut. Dei såg då andre ishavsskuter lengre ute i isen. Ved å vifte med ein vimpel vart karane på isen oppdaga av skuta «Haugen».

Det skulla gå to døgn før dønningen dempa seg så mykje at «Brandalingen» kunne bauge seg inn i isen og berge ombord dei 13 frå «Veidemann». Av desse 13 høyrde 9 til, eller kom til å høyre heime på Vartdal: Skipper Hans Vartdal og brørne Harald, Karl og Johan, elles Rikhard Berg, Rasmus J. (Haue-Rasmus) og Rolv P. Sætre, samt Rasmus Bjerknes og Kristian Brandal. Dei andre var maskinisten, nordmøringen Petter Rensvik, Amandus Blindheim frå Sykkylven, Karl Valderhaug frå Ålesund og Olaf Olsen. Etter tett på 80 illhervelege timar i isaudet var fleire av det unge mannskapet, den yngste knapt 17 år, forkomne. (Du kan lese om forliset i «Då selskuta «Veidemann» gjekk ned i Danskestredet» i Minne frå Vartdalsstranda 2004:101f.)

Ingen av vartdalingane slutta sjøen i 1922, for så vidt ei heller Amandus Blindheim. Han utvandra til USA i januar 1923, var frå 1939 førar av slepebåt. Hausten 1957 omkom han då han under eit tømmerslep på Hoquiam-elva i delstaten Washington fall overbord og drukna.