Meny Lukk

Folk frå fortida – Synneve Olsdotter Myklebust

Synneve Olsdotter Myklebust (1829-1905) vart gift i 1870 med leiglendingen Per Ingebrigtsson Myklebust (1816-1877). Han var to år tidlegare vorten enkjemann då fyrstekona i Pegarden tok seg sjølv av dagar. Synneve og Per vart foreldre til Andreas, som i si tid gifta seg med odelsjenta i Nilsgarden i Nørevartdal og vart gardbrukar der. Synneve var opphavleg frå eit av dei då to bruka i Kvia. Ho vart konfirmert i Hareids-kyrkja hausten 1844. Sidan gjekk ho nok mykje i teneste på kanskje fleire gardar i Vartdal, og moglegvis Hareid. Av folketeljinga 1865 veit ein at ho då tente brukaren av Knutegarden i Sørevartdal.