Anna L. Masdal (1890-1928) var frå Hansgarden Fyldal i Ørsta. Ei trekningsliste frå ein ungdomslag-basar i Finnmark gjev grunn til å tru at ho vinteren 1914 fylgde bror sin, som var tranbrennar, til arbeid i fiskeværet Kjøllefjord. I 1920 gifta ho seg med gardbrukar Severin P. Masdal i Knutegarden. Anna og Severin vart i tida 1921-27 foreldre til fire born: Petra [Vatne], Petter, Lars og Sigmund. Farsystera Ingeborg L. Aarskog var gardkone i Hansgarden Årskog, og det kan godt vere Anna vart vartdaling gjennom teneste på Årskog. I fylgje klokkarboka døydde Anna av «Lungebetendelse».