17. mai i Vartdal
Det er noko seint aa fortelja om 17de mai no. Skinande blank kom han. Mange gledde seg ogso yver det, især dei unge. Straks etter let eg skuleborni skriva ein stil om 17de mai. I mange av desse stilarne kom det ynskje fram: Hadde det berre vorte godt ver den 17de mai – ja daa skulde det vorte moro.
Stilt gjekk han av seg fyrste luten av dagen. Nokre flagg kom til topps nokso fort upp og ned gjennom bygdi. Framimot middag tok det til aa smella burte i utmarki. Det var skyttarlaget som hadde præmiskjoting.
Kl. 2 1/2 kom skuleborni, deretter Aarsetdalens ungdomslag og skyttarlag, borni med smaaflagg og lagi med kvar si fana. So bar det til kyrkja, der folkehøgskulestyrar Austlid skulde tala. Fanorne vart borne inn i kyrkja og stelte upp paa kvar si sida av kordøri. Det gjorde meg godt aa sjaa desse tvo koma jamsides inn. Eg kom til aa tenkja: Dei vil møtast paa ein fredlyst stad desse tvo. Fanorne bar sine aalvorsord: Ungdomsfana: «Norigs ungdom kvar og ein elsk din Gud og fedraheim!» Skyttarfana: «Son av Norig verg ditt land!» Austlid synte framgongen i landet baade paa det «aandelige og materielle omraade». Grunndraget i talen hans var: Elsk din Gud og fredraheim. Han kunde godt bruka ungdomsfana sine ord til motto.
Etterpaa samlast ungdomen i arbeidsskulen på S. Vartdal. Gildt var det aa sjaa, at i toget fraa kyrkja var med i alle aldrar – fraa smaaguten til den kvithaara mann. I arbeidsskulen heldt formannen i skyttarlaget, Lars Kvien, ein tale for skyttarsaki. Deretter delte han ut præmiarne: 2den klasse. 400 m. 1ste præmie: Paul R. Sætre 2den – Rasmus K. Vartdal 3die – Mads H. Sætre. 1ste klasse. 200 m. 1ste præmie: Vilh.J. Nørevartdal 2den – Steinar R.[sic] Buset 3die – Laurits P. Flaaskjer 4die – Bernt L. Vartdal. Møtet slutta med «Ja vi elsker dette landet».
[Rasmus Aarse]t. i Søndmøre Avis, 18de Juni 1902.