Elias Edvardsson Melbø (1881-1902) var frå Pegarden på Melbø. Folketeljinga 1900 registrerte han som «Tegelværksarbeider, fisker». Truleg arbeidde han fleire sesongar på Bodø Teglverk, der ein god grann vartdalingar fann innkome i 1890-åra og til etter hundreårsskiftet. Elias var ein av dei fem vartdalingane som kom vekk då fiskeskøyta «Albatross» forliste ved Runde 4. februar 1902. Berre «nogle vragstumper drev iland». Han var odelsgut til Pegarden, dette bruket vart det i staden broren Knut Melbø som seinare tok over.