Hausten 1986 drog «Breisund» (M–170–A) til Skagerrak for å fiske reker. Båten byrja tråle den 4. oktober og heldt fram fisket på feltet til den 20. oktober. Etter å ha prøvt seg frå 58.20 og sørover, kom mykje av fisket til å gå føre seg frå kring 57.35–57.45 nordleg breidd og stort sett mellom 6.30-7.00 austleg lengd. Beste døgnfangst, 8. oktober, gav 2745 kg. Totalt fekk dei 23205 kg i lasterommet. Aldri var dei aust om 9-grada.
Frå 25. oktober til 3. november drifta «Breisund» ved Jan Mayen. Einast den 31. oktober fekk dei over to tonn til frysing, 2100 kg. Dagen før noterte skipperen «Verdens lengste notskift». Etter dei byrja hive kl 1710 kom ikkje tråla i botn før klokka 0250. Den 27. november forverra rekorden seg med ytterlegare 40 minutt, altså 10 timar og 20 minutt.
Deretter gjekk «Breisund» til Svalbard. Her skaut båten av så langt nord om 80.18 grader nord. På desse felta brukte dei i tida 7. november til 2. desember. Beste fiskedøgna, 22. og 23. november, fraus mannskapet ned 3240 kg og 3355 kg. Båten fiska då mellom 79.55 og 80.05 nord, og mellom 10 og 11 grada aust. Begge døgna gjorde «Breisund» fire tauingar à ikring fem timar. Laurdag 29. november vart den samla fangsten 100 kg. «Fy-F…!!!».
Siste tida 5.–15. desember, fiska «Breisund» ved norskekysten. Frå sør om Tromsøflaket på ikring 70.45 og 8-9 grader aust. Kladden gjev ikkje noko fangst-resultat desse dagane.
Etter 238 tauingar sulte skipperen opp. Båten kom gjerne heime til Sunnmøre i løpet av onsdag 17., eller tidleg torsdag om vind og sjø stod i mot.
