Meny Lukk

Folk frå fortida – Karoline J. Sætre

Karoline Johansdotter Sætre (1896-1930) var frå Haugen på Sætre. Ho var nest eldst av ni sysken. 14 år gammal var ho i teneste hos næraste skyldfolket i Knutegarden på Lynge, der mor hennar kom frå. Ti år seinare var Karoline hushjelp hos foreldra, mora døydde i 1922 frå born i skulealder. Karoline vart sjuk av magekreft og døydde nyårsdagen 1930. Nokre veker seinare vedtok Vartdals heradsstyre «å stryke skatten åt avlidne Karoline Sætre for skattåret 1929–30, då ho lenge fyreåt hadde vore sjuk og søkt mykje doktor».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *