Meny Lukk

Folk frå fortida – Lars K. Roth

Lars K. Roth (1876-1953) fekk skøyte på farsgarden Nedste-Rot då han var midt i femtiåra. Før den tid var han fiskar på dekksbåt, vintersfiskja var han ein av seks i båtlag hans Ole Rotnes. Elles i året tok Lars del i gardsdrifta heime. Seinast i 1929 var han ein av dei som byrja med sylvrøv. I kring 40 år gammal kom han med i det kommunale stell, var i si tid medlem i skulestyret, elektrisitetsnemnda og sat minst tre periodar (á 3 år) i heradsstyret. Bolken 1932-34 var han ein av fire i formannskapet, karar alle. Lars var gift 1900 med Kanutte frå Brattheim i Hjørundfjord, fire born voks opp i heimen deira: Karsten, Reidulf, Laura [Gjærder] og Bjarne. Lars har vore hos fotograf i Bodø, det kan takast som prov på at han var ein av dei som kring hundreårsskiftet tok arbeid på teglverket i Nordlands-byen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *