Signe Vartdal (1901-1987) var frå Gullikegarden Sætre. Ho var den yngste i ein syskenflokk på fire som voks opp der. Skulevinteren 1919/20 var ho elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta. Hausten 1925 gifta ho seg med Karl J. Vartdal (1900-1964). I Gullikegarden heldt dei tredagars-bryllaup, det skal ha vore eitt av dei siste storbryllaupa på Sætre. Farbroren Paul R. Sætre og Mads H. Sætre veksla då om å spele til dans i kjellaren i Åmundgarden. Signe og Karl bygde hus og løe på ein teig som låg under Gullikegarden. Dei vart foreldre til fem born: Esther, Jarl, Marna, Jofrid og Kari. Signe døydde på Vartdal Helsetun, heller kort tid etter ho flytta dit.