Lauritz Aarskog (1893-1978) var gardbrukar på Årskog 6, ein part av farsgarden Hansgarden. Han dreiv i mange år fiske. Noko av inntekta gjekk til innkjøp av sylvrøv (kring 1927) og i 1932 var han ein av åtte mann som stifta AS Dolsøy, eit reiarlag som kjøpte fiskebåten «Dolsøy». I 1941 gjorde han, alliert med sokneprest Norderval, opptaket til at det vart reist minnestein over den falne soldaten Leiv A. Vartdal, bautasteinen kom opp i 1947. Tidlegare hadde Lauritz stått i spissen for å reise minnestøtta på Toremarka i Nøre-Vartdal, til minne om skadeflaumen 1873 og den omkomne seterjenta Andrine Røysetbakk. Lauritz levde ugift på garden sin, lenge saman med systrene Nille og Lina. Fotografiet er teke i Kristiansund, ganske sikkert medan Lauritz var i byen under sildefisket (ca 1910-15).
