Hausten 1934 stod Knut Grønnevet (1901-1962) i spissen for eit partsreiarlag som kjøpte fiskebåten «Norholmen». Vinteren 1935 tok båten del i fisket etter storsild og vårsild, for ein stor del på felta vest om Bergen. I 1936 gjorde «Norholmen» det godt i vintersildfisket. Midt i mars hadde mannskapet fanga 18000 hl, dei aller beste sunnmørsbåtane hadde nådd 23000 hl.
Både i 1935 og 1936 drog «Norholmen» til Island sist i mars månad, i 1936 kom karane heim i byrjinga av mai med 40 tonn salta torsk. Etter ei veks tid heime stima båten til Bjørnøyfeltet, der dei også hadde brukt i 1935. 11. juni 1936 kom «Norholmen» til Tromsø med ca 50 tonn saltfisk, 300 kg kveite og 8 fat tran. Deretter fór så «Norholmen» til Island, der karane på ein 5-6-vekers tur lasta opp 750 tønner sild som vart levert i Ålesund.
Natt til 5. mai 1937 var «Norholmen» på veg til Bjørnøya. 107 kvartmil nord av Torsvåg i Troms berga mannskapet 12 mann frå «Sleipner» (M-38-A), ein fiskebåt frå Ålesund som hadde forlist 4 timar før «Norholmen» kom fram til havaristaden. Om sommaren gjorde «Norholmen» to turar på islandssilda. Sist i juli kom båten heim med 765 tønner og den 8. september fullasta, som den siste av islandsfararane i lag med «Tampen» av Hareid.
Storsildfisket i januar og februar 1938, kasta «Norholmen» på felta nordom Bergeen og utanfor Florø. Kring 1. april drog båten til Vestmannøyane. Seks veker seinare kom «Norholmen» til Fosnavåg med vel 30 tonn torsk. Om sommaren fiska karane sild ved Island, kom heim 8. september med 1200 tønner sild, både haudekappa sild, krydra sild og matjes-sild.
Vinteren 1939 fiska «Norholmen» sild frå januar til mars. I slutten av april gjekk båten til Island i fylgje med «Dolsøy». To månader seinare vende «Norholmen» heim med 65 tonn torsk og 1200-2000 kg kveite.
Under verdskrigen dreiv «Norholmen» sildefiske vinters- og vårtida. Resten av drifta baserte seg på fraktfart. I ein storstorm på Straumfjorden mista «Norholmen» både vegn og notbåtar, det «var berre eit under at ikkje noko kom bort». 25. januar 1945, på veg nordover mot Bualandet, vart «Norholmen» vâr «nokre mørklagde, lave farty». Det viste seg å vere norske motortorpedobåtar. Nokre mann frå eine båten «hoppa inn på hekken» på «Norholmen». Dei gjekk opp i rorhuset og gav ordre om å sløkkje alle lys, då båten skulle verte med til Shetland. Turen til Lerwic tok om lag 20 timar.
Midt i juni 1945 melde ei avis at «Norholmen», som «forsvant så plutselig fra sildefeltet i vinter», no hadde dukka opp i Haugesund. Allereie fire veker seinare var båten på veg til Island og sildefiske. Islandsfiskarane kom heim kring 1. september, «Norholmen» med berre 400 tønner, «tomtønnene ruva godt» også på fleire andre båtar. Etter sildefiske i februar og mars 1946, rusta «Norholmen» ut til Island med ørstingen Karl J. Halse som skipper.
Den 24. januar 1947 vart «Norholmen» den fyrste sildebåten som kom til Ålesund med fangst, 1500 hektoliter teke nordvest av Svinøya. Fleire fine fangstar venta utover i februar. Om sommaren sildefiske ved Island med Leiv Grønnevet som skipper. Midt i september kom «Norholmen» heim med 250 tønner krydra, 100 t sukkersalta og 260 t salt-sild.
Også vinteren 1948 var «Norholmen» tidleg inne med fangst, før midnatt den 13. januar kom båten til Ålesund med 1400 hl storsild frå Rundefeltet. Sidan kom gode fangstar i februar, slakkare fiskje i mars fram til den 23. Om sommaren to turar til Island. Siste dagane i juli kom «Norholmen» og meir enn ti andre sunnmørsbåtar i flokk og fylgje heim for å skifte vegn. Som året før kom «Norholmen» heim midt i september med ulike typar sild; 226 tønner krydra, 334 t sukkersalta og 80 t salta sild.
Vintersildfisket 1949 varte for «Norholmen» frå 20. januar til ut i mars. I juni drog båten til Island med drivgarn. Ein av dei fyrste dagane av september kom båten heim til Sunnmøre.
Sildefiske i januar og februar 1950. I november 1950 vart «Norholmen» ombygd på verkstaden åt Bjarne Brende i Liavågen. Ein fjerna dampmaskina, i staden fekk ein sett inn ein 240 hk Alpha-motor. Midt i desember gjorde båten 10,2 knops fart på prøveturen. Kvalbakk og nytt overbygg endra utsjånaden til «Norholmen».
I 1951 låg båten i godt sildefiske frå 25. januar til 1. mars. Ein gong i mai gjekk «Norholmen» til Vest-Grønland, som ein av 42 båtar frå Møre og Romsdal for å fiske torsk med linebruk. For å skaffe nok mannskap lyste «Norholmen» og «Juvel» etter «vante flekkere» i Lofotposten. Kjell Ervik var skipper på «Norholmen» den fyrste grønlandsturen, Leiv Grønnevet bestmann.
Under vintersilda 1952 henta «Norholmen» minst tolv lastar or havet, den største på 1900 hl. I april søkte båten etter mannskap til ein drivgarnstur til Island. Om lag samstundes søkte reiaren etter folk til Grønlands-tur, både i Nord-Norge og grannefylka sør på Vestlandet. Dessutan skaffa sunnmørsbåtane fiskarar frå Færøyane, ei 3-4 mann pr båt. «Norholmen» og seks andre VD-båtar var framme i Færingehamn fyrste dagane i juni. I Davissundet vart meldt om godt fiske, opptil 1250 fisk pr stubb. «Norholmen» lossa 210,5 tonn midt i september, hadde med 40 tonn då han kom heim midt i oktober.
Få gode fangstar under vintersilda 1953. «Norholmen» fór til Vest-Grønland 20. april, leverte salta torsk til Nordafar i Færingehamn før 3. juni. Etter å ha vore heime i juli, kursa «Norholmen» på ny vestover til Vest-Grønland. Primo oktober kom «Norholmen» heim med 60 tonn torsk og 2 t kveite, 50 tonn var levert Nordafar.
Sildefisket 1954 tok til midt i januar og varde til ut i mars. «Dei var heldige med fisket heile tida». Åra 1954 til -56 gjorde «Norholmen» årleg ein tur over til Vest-Grønland etter torsk, såleis drog båten den 24. september 1954 til Jan Mayen-feltet med 550 tønner ombord.
Vintersilda 1955 fanga ein sild frå sist i januar til midt i mars, mange lastar av vekslande fengd. Midt i april drog båten til Vest-Grønland. Kom heim med 75 tonn saltfisk i byrjinga av juli. Deretter gjekk båten til Island for å fiske sild. «Norholmen» hadde 645 tønner ved heimkomst kring 10. september.
Mange fangstar på stor- og vårsilda i tida januar-mars 1956, dei fleste heller små. Ut på våren stima «Norholmen» til Vest-Grønland, kom heim sist i juli med 70 t torsk og 1800 kg kveite.
Dei makelause sildeåra fram til 1956 tok slutt. Vinteren 1957 kom med labert sildefiske frå midt i januar 1957 til ut i mars. Og det versna i 1958 og vart ikkje betre dei komande vintrane. Dei få og små sildelastane vart levert i Kristiansund, Steinshamn, Ålesund og Fosnavåg.
I 1957 valde reiarlaget å sende «Norholmen» på kombinert torsk- og kveitetur til felta kring Island. Etter ein dårleg tur, valde reiarlaget å få montert fryseri i lasterommet. Tidleg i mai 1958 gjekk båten ein siste tur til Vest-Grønland. Fisket var lite tilfredsstillande, så «Norholmen» og nokre andre båtar drog til Strætet for å fiske kveite, framme på feltet midt i juni. I slutten av juli la båten ut på ny kveitetur til Strætet, kom heim midt i september med 25 t kveite og 7 hl lever.
Også dei neste tre sommarhalvåra, 1959-61, gjorde «Norholmen» årleg to kveiteturar til Strætet. Fyrste turen tok til i april, siste turen kom dei heim seint i august eller tidleg september. Turane varte kring 2 månader. Kvelden 10. juni 1959 kom «Norholmen» heim med 42 tonn kveite, «den største kveitelasten som er kommet til Ålesund på en kjøl hittil i år». Fredag 26. august 1960 kom «Norholmen» inn som fyrste båt etter andre Stræte-turen. Bestmannen fortalde Lofotposten om «usedvanlig gode forhold i Danskestredet. – Vi hadde så fint vær at det var helt utenom det vanlige, det gode resultatet må ses på bakgrunn av dette. Vi hadde bruksvær hver eneste dag, og vi var ute i tre uker før de andre båtene».
Vintersilda 1960 og -61 nytta «Norholmen» drivgarn. Ein sildefangst på 400 hl, teken med drivgarn ved Titran seint i februar 1961, var kanskje siste gongen VD-båten landa sild.
«Norholmen» seld til Måløy i januar 1962.