Ane Lisbet Anderssdotter Sætre (1816-1906) var gardkone i Larsgarden, gift med Lars Hansson Sætre (1815-1874). Ane Lisbet, som var frå Erdal, vart mor til sju born i tida 1839-58. Eldste sonen, Lars, tok over garden og flytta tunet til dit det stod til tidleg i det 21. hundreåret. Dei andre borna hennar var Berte [Grønnevet], Andrine [Nørevartdal], Petrine [Flåskjer], Ola [Barstad], medan døtrene Randi og Anna levde ugift. Ane Lisbet døydde ved jonsoktid, nærare 90 år gammal, ein særs høg alder den gongen.