Det må ha vore ein sundag sommaren 1943 at denne gjengen var samla i Fremste Toregarden i Nøre-Vartdal. Frå venstre framme sit Arne Magne Vartdal og farbroren Arne Vartdal, vidare Ivar E Vartdal, Møyfrid Vartdal (Wisth), Elsa Vartdal (Sæthre), Hans Ødegård (ligg) og Åsmund Masdal. Bakom står (fv) Haldis Vartdal (Larsen), Kjellaug Vartdal, Palma Ødegård (Johansen), Rannveig Masdal (Ødegaard), Borgny Volle (Vartdal) og Andrine Aarsnes (Lianes). Andrine budde hos JoPe-Marja på Årskog imedan ho var med på konfirmantførebuing. Årsnesingane ville at ho skulle konfirmerast av Monrad Norderval, og ikkje NS-presten i Hjørundfjord. Andrine er med på konfirmantfotoet av 1943-konfirmantane i Vartdal kyrkje. Etter at 3 av desse personane døydde i 2021, er det berre vår kjelde, Åsmund Masdal, som lever att av denne barneflokken. Ukjend fotograf.