Under sildefisket vinteren 1952 var Alv P. Sætre skipper på snurparen «Terten». Her kjem ei tekstnær attgjeving av hans notatar i fangstdagboka.
Ettermiddagen laurdag 29. desember 1951 kl 15 kom skipper Alv P. Sætre ombord i «Terten» (H-10-A) saman med 3 av mannskapet for å ta båten til Ålesund, der snurparen skulle klargjerast til vintersildfisket. Dekksdagboka fortel ikkje kvar båten låg, mykje truleg var det på Florvågøya i Askøy der reiarlaget Giertsen & Co eigde ein sildoljefabrikk.
Tre timar etter karane entra snurpebåten gjekk «Terten» til Fjell i Hordaland, der dei fylte 59000 liter solar og tok ombord 2 fat bensin. Sundagsmorgonen 0340 kasta dei laust og styrte nord Hjeltefjorden i godt ver og sørleg bris. Til Vartdal kom «Terten» kl 18 og fortøydde langs sjøbuda til «Osnes». Nyårsdag flytta båten til «K. Vartdals sjøhus» grunna dårleg vermelding.
Onsdag 2. januar kom «Endel av folket ombord», arbeidet med å klargjere båten heldt fram dagen etter. Om fredagen gjekk «Terten» til Dalsfjorden kl 9 og tok ombord 150 hl stein til barlast. Klokka 16 vende båten tilbake til Vartdal. Laurdag kl 1030 gjekk han frå Vartdal, kl 12 fortøya «Terten» langs meierikaia i Ålesund.
Etter to dagar med kuling og landliggje gjekk «Terten» tysdag 8. januar kl 9 ut på Valderhaugfjorden og korrigerte kompasen, eit arbeid avslutta to timar seinare. Dei neste fem døgna bles det kuling.
Måndag 14. januar kl 14 gjekk «Terten» til Holen på Sula og tok ombord to 36 famner djupe nøter. Om føremiddagen dagen etter var båten tilbake i Ålesund, der karane fekk ombord ein del utstyr som hadde vore til vøling. Same ettermiddagen kl 1330 gjekk «Terten» til Vartdal og tok ombord ei 42 famner djup not. Storm frå nordvest gjorde at båten tidleg om kvelden forflytta til Hjørungavåg og fortøya langs «sildekaia».
Torsdag 17. januar drog «Terten» frå Hjørungavåg ut til Vallabodane. Så kan det sjå ut som ein ankra ved Runde, før skipperen i 4-tida om ettermiddagen styrte nordvestover mot Storegga. Klokka 18 vart det rapportert sild i Hellefjorden ved Florø. «Terten» vende då om og stima mot Svinøya, forbi Staden og kom til Hellefjorden kl 1 om natta. Ein halvtime etter ankra båten opp innapå øya Batalden, då det var lite sild å sjå på ekkoloddet.
Klokka 6 letta folka anker og leitte rundt om. I pent ver styrte «Terten» ut langs Frøyskjen, inga sild å sjå. Kl 10 kursa han nordvest mot Bremanger, sette full fart mot Sarsfeltet, der det vart rapportert om sildeise. Klokka 17 i pent ver og smul sjø fekk dei skade på lettbåtmotoren grunna skeiv montering, noko dei fekk ordne på. Klokka 21 kasta dei, men silda ranga og sprengde nota. Dei fekk berga 250 hl. Etter å ha bøtt not, kasta dei kl 3 natt til laurdag 19. Fangsten var då ca 1400 hl. Dei håva silda og tok inn båtane kl 6, styrte så mot Runde. Kl 13 var dei framme ved Moltustranda, der dei byrja losse kl 1830. Etter å ha lossa ut 1867 hl fortøydde dei båten i ei bøye.
Sundag 20. januar kl 9 halte dei anker og «Terten» gjekk til Ålesund, der dei fylte vatn. Her vart i nokre timar arbeidd med ein motorbåtmotor, fekk retta noko feil med tenninga. Kl 17 stima snurparen ut til 18 nautiske mil nordvest av Runde, der dei kom opp i sild. Etter å ha venta til lovleg tid, kasta dei klokka 0005 natt til måndag 21. Fram til kl 7 gjorde dei ytterlegare eitt kast, og fanga til saman ca 2000 hl. Roret på ein av motorbåtane gjekk laust, sendt til reparasjon då dei kom til land. Losseordre «Flatholm» og Vedde. Tysdag 22. kl 1530 var «Terten» ferdiglossa for 2107 hl. Dei kasta då laust og styrte leia til Stad. Med ein «skotning i havet [og] litt sjø» ankra båten opp på Eltvika kl 1930.
Onsdag 23. januar byrja skipperen leite etter sild kl 6. To timar seinare kursa «Terten» mot Runde og kl 14 kasta karane aust om Vallabodane. Fangsten vart på ca 1000 hl, men det var mykje utsprenging. Kl 19 ankra båten ved Grasøyane. Torsdagsmorgonen kl 0930 kasta dei på Lestabukta og håva ca 800 hl, sprengde litt. «Terten» gjekk inn til Ålesund og melde inn kl 14. Fire timar seinare fekk skipperen losseordre i Måløy, styrte då sør Storfjorden i snøkave. Fredag 25. januar kl 0115 kom «Terten» til Måløy og vart vist til Raudeberg. Lossinga tok til kl 0330, ferdiglossa for 1688 hl kl 1430. «Terten» gjekk så nord om Stad, der dei såg ein noko sild på Eltvika og «inn i djupet». Veret var «dårleg» så dei ankra ved Haugsholmen kl 19.
Laurdag 26. venta skipperen til kl 0830 med å lette anker. I snøkave og liten kuling frå sør såg dei litt sild utover i Vanylvsgapet, men ikkje arbeidsforhold. Då veret betra seg over middag vart det kasta frå kl 14. Kl 19 kasta «Terten» og fekk 350 hl, mykje småsild. Tre timar etter tok snurparen ombord motorbåtane og styrte langs Staden til Måløy. Sundagsmorgonen kl 7 på Raudeberg byrja dei losse kl 7, 364 hl sild ferdig levert kl 1030. Fram til kl 17 låg «Terten» for anker, båten gjekk så sør til Fåfjorden, ankra opp der kl 18.
Måndag 28. januar letta «Terten» anker kl 0005. Ein time seinare kasta mannskapet og fekk 600 hl småsild. Frå kl 9 til kl 20 fleire kast ved Klovningen og Veststeinen. I ni-tida om kvelden ankra dei på Torskangerpollen. Tysdag 29. letta dei anker kl 8 og kasta på «Ketosen». Klokka 12 gjekk dei til Måløy, der dei venta på losseordre. Onsdag 30. januar kl 3 om natta kom «Terten» til Florvåg og byrja losse. 14 timar seinare var dei utlossa for heile 3568 hl sild.
«Terten» styrte nord leia og ankra opp torsdagen kl 01 ved Gjørøyneset i Bulandet. Dei tok ankeret om morgonen, men fyrst frå kl 16 vart det kasta, samla fangst ca 1600 hl. Frå kl 19 styrte båten nord leia mot Olderveggen. Etter å ha lege for anker om natta til 1. februar, gjekk «Terten» nord til Klovningen. Frå kl 1030 til kl 19 kasta mannskapet fleire gongar og fekk ca 300 hl. Frå Måløy melde «Terten» inn fangst og fekk leveringsordre Florvåg. Dit kom dei om laurdagen kl 08, byrja losse kl 15. Dynamoen vart hatt på land for vøling. Sundagsmorgonen 3. februar var «Terten» utlossa kl 6. Fire timar seinare gjekk båten til Shell-stasjonen og bunkra olje. Så gjekk turen tilbake til Florvåg, der den største generatoren vart landsett. Kringom midnatt var «Terten» på veg nord leia.
4. februar kl 8 passerte «Terten» Kinn i «dårlig ver». Utanfor Drage gjorde dei nokre kast før dei ankra ved Selje kl 18. Torsdag 5. kasta snurparen ved Buholmane. «Bra kast», det siste sette seg fast i botnen. Fangsten på 240 hl gjekk dei til Ålesund med og leverte. Den skadde nota vart hatt på land i Holen til bøting.
Onsdag 6. februar kl 6 gjekk «Terten» utover til Goksøyrvika. Kl 13 styrte dei sørover til Eltvika, men ein sterk kuling frå sørvest gjorde at det «ikkje var noke å gjere». Dei snudde då nordover for å hente nota, kom til Holen kl 22. Neste morgon kl 5 tok «Terten» laust frå Holen og fór sør Storfjorden. Kl 8.30 kom dei til Eltvika, inga sild å sjå. Kl 16 kursa skipperen retning Goksøyrvika, fire timar seinare ankra båten på Rundeleira. Kl 2 fredagsnatta kom ein sterk nordkuling med snøkave, dermed letta snurpebåten anker og gjekk til Ålesund.
Både laurdag og sundag var det landliggje i byen. Om laurdagen monterte dei dynamoen, tilsend frå Bergen. Kl 23 sundagskvelden heva «Terten» anker og gjekk ut til Runde. Om måndagen kasta dei fire gongar. Dei sprengde not og reiv lenka, berga 450 hl. Kl 10 kursa «Terten» mot sør. Utan meir sild ankra dei opp i Hoddevika kl 18. Også tysdag 12. februar kasta dei og fekk sprengd nota. Dermed byrja dei kl 17 å gå nordover, både for å levere og å ha i land dei sprengde nøtene. Onsdagsnatta kl 3 klappa «Terten» til kai på Flatholmen i Ålesund, ferdig lossa til kl 11. Deretter gjekk båten sør til Kvalheimsvika i Vågsøy, der dei kasta og fekk ca 700 hl. Oppankra på Torskangerpollen kl 19.
Torsdag 14. februar letta båten anker kl 0830, kasta kl 10. Brukte baugplatene på begge lettbåtane. 300 hl. Kl 1330 heva dei båtane i davitane. Gjekk då til Måløy for reparasjon og levering. Fredag 15. kl 9 heiste mannskapet lettbåtane på plass att. «Terten» gjekk til havs og i sørvestleg kuling sørover langs Bremanger til Nesje. Klokka 11 skifta båten kurs mot nord, tok leia gjennom Måløysundet.
«Rapport for innføring i dagboka og til assurandøren.
Den 15/2 1952 kl. 1420 lå vi m/s Terten på Refvika, da vi gjennem radio på 140 m.bølgen blev anropt av snurpebåten m/s «Buland», som lå på samme sted, om å gå til hjelp for ett fartøy som hadde maskinskade, og drev mot Skjerbåane på Stadt. Dette fartøy, m/k Havlys fra Selje hadde vært i forbindelse med m/s Buland på 135 m.bølge og anmodet om hjelp. Denne så seg ikke istand til å hjelpe på grunn av været. Det blåste sterk SW kuling med stormbyger.
Det blev øyeblikkelig gitt ordre om å kjøre alt som motorene kunne klare, og om ordre til mannskapet om å hale noten ut av båtene. Kurs sattes for gamla lysbøye. M/k Havlys blev så anropt på 135 m bølgen og vi fikk straks forbindelse.
Vi opplyste vi gikk til undsetning for full fart. Havlys oplyste at den hadde fått ut anker og slått i en kabel, og det så ut som om dette hadde huket fast.
Kl. 1445 passertes Gamla lysbøye. Like etter fikk vi en sjø som slog SB båt ut av forreste david, bøyde daviden og splintret blokkene. Heldigvis hadde vi fått ut noten. Vi måtte dreie til å fikk satt fast en line i båten. Kuttet så agtre davidtalje så båten falt ned. Heldigvis blev den ikke helt fylt med sjø, og vi fikk den langs siden og satte i en slæper. Sendte så ned 2 mann, med tau om livet, for å lense båten. Kl 15 fortsattes med kurs for Havlys, som vi da hadde isikte. Kl 1515 dreide vi til i mellem Skjerbåane og Havlys for å få båten tømt og bedre sleper satt i. Vinden var nå løyet litt.
Kl 1535 var vi klar og gikk frem under Havlys for å forsøke få forbindelse med kasteline. Første forsøk mislykkes. Vi dreide rundt og forsøkte en gang til. Denne gang fikk vi forbindelse, men linen brakk. Tredje gang fikk vi slæper ombord og slæping kunne begynne. Havlys kuttet da kabelen til ankeret og kurs sattes for Buholmen. Måtte gå med sakte fart for B.B. motor da notbåten langs siden ville fylles. Kl 1715 passertes Buholmen. Vi måtte til stadighet holde folk, med tau på seg i notbåten. Denne ble påslått 8 blåser for at den skulle flyte om den blev helt fylt. Kl 1730 passertes Kjærringodden, og vi fikk vinden mer agterlig og økte farten litt. Kl 1810 passertes Kvit[e]neset. Vinden frisket på med snetykke. Kurs for Haugsholmen. Kl 1855 passertes Haugshl. fyr. Kl 1910 la til kai ved Haugshl. Fortøyet Havlys og fortsatte nordover.
På nordtur hadde vi forbindelse med Hjørungavåg mek. Verksted, som lovte stå klar med folk for reparasjon av notbåt og david. Kom til Hj.våg kl. 2130 og fortøydde.
M/s Terten 15/2-1952 Alv P. Sætre»
Laurdag 16. februar låg «Terten» «ved verkstedet og reparerte båten». Då arbeidet var unnagjort kl 21, forflytta snurparen til kai i Ålesund. Søndags ettermiddag kl 16 gjekk «Terten» til Holen, der mannskapet hengde nyenota og tok ombord den turre 36 famners-nota. Deretter stakk dei innom Hjørungavåg og henta djupnota, kl 2230 styrde «Terten» sørover Vartdalsfjorden.
Måndagen 19. stima «Terten» «havet sudover til Olderveggen». Dei såg lite til sild, og ringt ver gjorde at skipperen ut på føremiddagen tok «Terten» nordom Kråkeneset. Kl 16 gjekk båten til Måløy og ankra. Også tysdagen var veret dårleg, folka på «Terten» leitte fåfengt rundt om frå Buholmen til Bremanger. I ni-tida om kvelden la dei still på Torskangerpollen. Onsdagen gjekk «Terten» til Florø i regntjukke og stiv kuling frå sørvest.
Fredag 22. februar, etter eitt døgns landliggje, letta «Terten» anker og gjekk ut Oldersundet, vest om Skorpefluda, og vidare nord langs landet til Mebotnen. Kl 18 styrte dei mot Storholmen. I påfriskande vestleg vind smatt båten inn fjorden attmed Synes på Vigra og ankra ved Hogsteinen på Godøya kl 22. Laurdag 23. kl 8 styrte skipperen ut Breisundet. I 15-tida kasta mannskapet ei 15 mil nordvest av Runde, og fanga ca 2500 hl sild. Tre og ein halv time seinare styrte «Terten» mot Runde og Fosnavåg. Kl 2320 fekk dei tilvist Moltu for levering. Sundagsmorgonen var snurparen ferdiglossa kl 7.30. Tre timar seinare heiv dei opp lettbåtane og styrte skipsleia med Haugesund som mål.
I sjutida måndags morgon 25. februar passerte «Terten» Haugesund. Ved Skiftesvik stoppa dei kl 9 ein halvtime, før båten sette kurs mot Kvitsøy. Etter karane kasta i 11-tida kolliderte «Terten» med ein av lettbåtane til den 111 fot lange snurparen «Saaøy» (R-74-A), heimehøyrande i Åkra herad.
Så får dagboka ordet: «Kl 11 kasta og basen vinka fram mot nota. Idet vi skulle gå fram for å ta taug i nota, kolliderte vi med stb notbåt til M/S Såøy av Kopervik og knuste stb side av denne. Båten vart full av sjø. Kollisjon foregikk på følgende måte. Vi kom med Terten styrende opp i W til NWlig retning med endel nøter i sjøen langs vår stb side. Vi gikk med sagte fart og av og til med stoppet maskin. Vi svingte av og til stb over og fulgte langs de kastede nøter for fortest mulig komme opp til vår egen. For hver gang vi svingte stb over ga vi ett støt i fløyten for å gjøre endel notbåter på vår bb sig merksom på kursforandringen. Da vi var kommet frem til siste not før vi hadde klart farvannen i Wlig un frem til vår egen. Så jeg ett notlag rett forut ett stykke fremme Vi hadde ett litte stykke i samme kurs og notlaget kom ut av sikte under Tertens. Trålebakk i det vi var klar av omtalte not på stb side blev der gitt stb ror og ett støt i fløyten. Ett øyeblikk etter så jeg 2 blåser og notkabel komme frem om bb baug jeg blev øyeblikkelig klar over at en not var under kasting forut. Det ble da slått agterover. Båtene så jeg inntet til. Terten seg ett stykke forover og svingte stb over notlaget fortsatte kastingen med kurs Tversfor Tertens baug og kollisjonen inntraff i det Terten traff stb notbåt på stb side midt i notrummet. Denne fyltes med sjø. En mann falt i sjøen og ble tatt opp av lettbåten. De andre bjerget sig over i Bb notbåt. Det blev slått med line i den fylte båt og denne blev tatt langs siden på Terten. Davidtaljen blev struket og båten lettet og tømt. Så snart Tertens not var klar hjalp folkene til å ta inn noten til Såøy og begge båter gikk på Hålandsfjorden hvor den skadede notbåt blev overlevert til Såøy. Såøys notbåter gav intet signal da de påbegyndte kasting. De hadde utkastet ca 60 fv not da kollisjonen inntraff.»
Tysdag 26. februar låg «Terten» ved Skiftesvik og lyste etter sild til kl 7.30. Etter ei runde omkring Kvitsøy ankra dei kl 1330 opp ved Kråka, medan dei venta på mørkret og meir lysing. Onsdag 27. kasta mannskapet kl 5 og fanga 2000 hl. Same føremiddagen gjekk båten til Haugesund og hadde i land ei not til bøting. I middagstida drog «Terten» nordover til Marsteinen der eit kast i 17-tida gav 1000 hl.
Torsdag 28. februar leita dei etter sild i fleire timar, før dei gjekk til Haugesund og melde inn. Lossa i Gavlen og tok sidan ombord den bøtte nota. Samstundes var skipperen hos fiskerioppsynet og gav forklaring på kva som hende før og under kollisjonen med M/S «Saaøy». Kl 15 gjekk «Terten» til Ramsholmen og ankra opp før lysing. Fredag 29. kasta dei kl 6.30, utan å få fangst. Dei flytta då Olvaman, ankra opp i nordvestkuling. Laurdag 1. mars letta dei anker kl 8.30 og tok leia til Bergen. Frå kl 1230 til 15 fylte «Terten» olje i Skanvik. Deretter fortøydde dei båten langs Dokkeskjærkaien i Bergen.
Søndag 2. mars kl 10 stima «Terten» frå Bergen nord skipsleia, utpå dagen i snøkave. Ved avgang hadde ein «ein eim av brand i nota». Ved midnatt passerte båten Kråkenes og kl 2.30 ankra dei ved Runde. Dårleg ver og inga sild å sjå gjorde at skipperen kl 12 valde å gå til Holen for å få vølt not. Klokka 7 tysdag 4. mars var nota bøtt og «Terten» drog til havs. Frå kl 12 ein del kasting 14 mil nordvest av Svinøya. «Endel bra» fangstar. Ankra på Skorpeflaket kl 20.
Onsdag 5. mars kl 6 kasta karane i lyset og fekk 600 hl i lasterommet. Frå kl 9 styrte dei lenger ut frå land. Sjølv om «Terten» framover dagen gjorde fleire kast, fekk dei lite sild. Ut på kvelden gjekk båten til Fosnavåg, der dei byrja losse kl 20. Ferdiglossa kl 8 torsdags morgon gjekk «Terten» ut på feltet. Etter ein dag utan sild ankra snurparen opp ved Svinøya.
Natt til fredag 7. mars såg dei ikkje sild medan dei dreiv og lyste. Om dagen fekk dei lite fangst utav fleire kast ved Skorpa. Laurdag var veret dårleg, skipperen nytta då dagen til å få hengt not på Bringsinghaug. Sidan gjekk båten til Ålesund og la stilt til sundag kl 17. Ein time før midnatt ankra «Terten» ved Bringsinghaug i frisk bris frå søraust.
Måndagsmorgonen 10. mars tok karane nota frå nothenget ombord i båten. Dei neste timane leitte dei ved Skorpa, lite å sjå. Frå kl 14 kursa skipperen mot Måløy, der dei i dårleg ver ankra kl 17. Tysdag 11. mars letta båten anker kl 8 og gjekk til Bremanger. Lite sild å sjå. Kl 15 styrte skipperen nord langs landet til Vanylven. Dei lyste om natta, men ikkje sild. Den 12. låg snurparen på Vanylvsgapet. Lite sild og dårleg ver.
Kl 2 natt til torsdag 13. mars byrja «Terten» gå sørover mot Kvannhovden. Eit kast i 10-tida fanga ca 500 hl. Om fredagen var det noko sild å sjå ved Hovden, men ho var vanskeleg å få og det enda med at dei gjorde fire bomkast. Laurdag den 15. vart det ytterleg fem bomkast. Så kl 17 gjekk «Terten» til Kalvåg og melde inn. Fram til klokka 2 natt til sundag leverte «Terten» sild til den flytande sildoljefabrikken Klupea.
Etter å ha proviantert i Kalvåg om sundagen drog «Terten» til havs måndag kl 8. Ute ved Ytterøyane kasta dei fleire gongar og fekk litt fangst. Både måndagskvelden og dei to neste kveldane ankra båten opp, i påvente av å lyse etter sild i nattemørkret. Tysdagskvelden ankra dei ved Leikanger, onsdagen ved Bremholmen. Tysdag om dagen leita dei etter sild nordover inn Frøysjøen, før dei i kveldinga gjekk inn Vanylvsgapet. Også onsdagen leita dei fåfengt etter sild. Seint onsdagkvelden gav lysinga 200 hl inne ved Eltvika.
Torsdag 20. mars leverte «Terten» sild på Eggesbønes. Utover same kvelden og om fredagen leitte karane etter sild på Vanylvsgapet. Jamt over lite sild å sjå, fyrst fredag kl 22 kasta dei og fekk 200 hl. Laurdagsmorgonen 22. mars melde skipperen inn fangst frå Haugsholmen. «Terten» fekk leveringsordre ved Statens Kjøleanlegg i Ålesund kl 12.
Sundag 23. mars låg snurpebåten i Ålesund til dess turen gjekk til Vanylvsgapet. Der låg «Terten» på drift til «lovleg tid». Ganske visst braut skipperen av vintersildfisket, for allereie torsdagen i same veka byrja klargjeringa til linefiske i Davissundet.
