Meny Lukk

Tvo unge menn

Tvo unge menn

Jakob M. og Ivar H. Nørevartdal hev gjort eit godt tiltak med jordbryting iaar. 1/2 tridje og 3 maal hev dei no snart fengje uppbrote, og det av jord som laag heilt nyttelaus før.

Eg nemnde ein gong i vaar, at det var aa vona, at det kom til aa syna gildt etter mang ein bondegard alle dei tusen kronor, som unge bønder tente paa sjøen ivinter. – Endaa hev det vore faae merke aa set – utan paa drustelege stovebygnader – og ein grunn for dette kan ogso vera nok for mange: liten tilgang paa arbeidshjelp. Men her viser det seg daa so, at vil ein kosta paa og hev raad til det, so er det ikkje plent uraad helder. Billegt vert det ikkje – framimot 1000 kr. for kvar av dei: men gjort vart det, og snart svagar nok kornet grønt og frodigt i sumarvinden. Kjenner eg kararne rett, so fær dei nok snart voksterevne i daudmoldi. Ein svær kompostdunge laag ferdigklappa med mange amoniak-duftande tomtunnor attved og vitnar um, at der finst vegar aa fara for den som vil, sjølv um kainiten ligg i Tyskland.

Det er tvo svenskar, som hev gjort arbeidet – retteleg nokre brytarar – og god dagløn heldt dei. Ja, lat dei tena. Framtidi vil syna, at desse pengarne her sikrar rentor og vert til større verd for landet enn desse som fær handemillom på «børsen» i aktiejobbing og slikt, som berre set laakt blod i folk.

Ja, alle desse myrarne, som ligg vatssjuke og nyttelause – no er tidi deira komi. Før søkte folk dei tur[r]lende bakkarne, og det var ikkje so nøgje med um dei ringa kring um ein stein eller eit byskje anten det so var med ljaaen eller med reka; men no – ja, no gjeld det aa planera. No gjeld det aa faa gjort kva gjerast kan med hest og mann…

Stein. i «Møre», laurdag 23. september 1916.