Meny Lukk

Til mor av L.K. Grønnevet

I november 1921 døydde 82 år gamle Berte L. Grønnevet. Sonen, dåverande ordførar Laurits K. Grønnevet (1874-1959), skreiv då eit dikt som Søndmørsposten prenta 22. november 1921.

TIL MOR

So sov no då søtt, mi kjære mor,/ og kvil frå livets trengsle./ Til himlen høgt vår Frelsar fór,/og dit var òg di lengsle./No er du då løyst frå denne jord/og fri ifrå alle stengsle.

Eg minst so vel dei farne år/- frå då når eg låg ved barmen./Eg leika meg med ditt fagre hår/og nørdest ved modervarmen./Slik kjærleik aldrig meir eg får;/det støtt kan lækja harmen.

Du aga meg tidt med bere smil;/men når eg såg di tåra,/eg vart so mjuk og vâr og still,/eg kjende eg hadde deg såra./Du kjære mi mor, kor du var snild/eg takka deg no på båra.

Du gav oss alt då me var små,/den barnetrua i barmen./Og gjævare arv kann ingen få/enn kjærleik frå Guddomsvarmen./Slik nista er god å bera på/i villande verdenslarmen.

Når so eg fór ut i livsens straum/og stormen han rugga mi skute,/og havbåra steig i ville gaum,/det såg ut som all von var ute./Då bad du, mor, i tåreflaum – –/vakt heldt innanfor rute.

Skal eg no samla i eit ord/alt det som i mitt liv fekk meining,/då vert det vel namnet ditt, du mor,/som visar den store sameining./Sæle mi barnetru planta av mor,/lys du for min fot i sveimen.