Meny Lukk

Den andre «Veidemann»

Om kvelden 5. september 1940 gjekk Aarseth-skuta «Sæl» seg på ei mine i Trondheimsleia, i farvatna mellom øya Hemnskjela og Terningen fyr. Det fåtalige mannskapet vart berga av to unge karar frå Jøsnøya som kom til i færing. Skuta sokk.

I 1942 heva ein skuta og førte henne til Grøtvaagen verft ved Kyrksæterøra. Arbeidarane på verftet bygde, av omtrent berre kjøl og spant, ei ny ishavsskute. Ho fekk namnet «Veidemann» og tok over kjenningsmerket «M-9-VD» etter den minesprengde skuta. Bak «Partsreiarlaget Veidemann» stod Rasmus Bjerknes med to eigarpartar og skipper Per Kvien med ein. Paal Aarseth disponerte skuta.

«Veidemann» (til høgre) på beddingen til Grøtvaagen Verft,

Frå januar 1943 deltok «Veidemann» årleg i sildefisket langs vestlandskysten. Ho lasta opptil 2400 hektoliter storsild.

Somrane krigsåra gjekk skuta tidvis i fraktfart. Morgonen 6. mai 1944 på Hustadvika kom britiske krigsfly og byrja skyte med mitraljøse mot «Veidemann» og ein annan båt. Om bord i «Veidemann» vart Petter Buset og Henning Røyset dødeleg såra. Tre av dei andre kom frå angrepet med skotskadar av varierande alvor.

«Veidemann» fangsta sel i Vestisen fyrste gongen i 1947, kom heim midt i april med kring 3600 dyr. Sommarstida drog ho jamnast til Strætet, der dei jakta sel og dampa tran av håkjerring.

«Veidemann» på Aspøyvågen i Ålesund.

Vinteren 1951 landa «Veidemann» ti sildelastar av varierande storleik. Til vanleg tid i mars sigla skuta til Vestisen. Måndagen den 26. skadde ein isfot propellen, deretter losna propellhylsa. Båten lak mykje. I femtida om morgonen neste dag gjekk mannskapet til skipper Kvien over i «Kvitungen». «Veidemann» sokk same føremiddagen.