Med 1921-åringane vert det her sikta til borna som vart fødde i Vartdal herad i året 1921, samt dei personane fødde andre stader same året som vart vartdalingar gjennom eigne eller andre sine val.
DEI INNFØDDE
Busette på eller i nærleiken av heimstaden fann du (ordna etter alder): Mathias Vartdal, Johannes O. Vartdal, Liv Myklebust (Longvastøl), Ole J. Vartdal, Eldbjørg Kleiva (Vartdal), Margit Vartdal (Volle), Oddny Hovde (Magerholm), Johan O. Sætre, Ingebjørg Myklebust (Sætre), Jan H. Vartdal, Ola S. Barstad, Alma Sætre (Kristoffersen), Oddlaug Barstad (Buset), Margit Rotnes, Randi Volle, Marie Juliebø (Myklebust).
DEI INNFLYTTE
Ivar L. Aarskog voks opp i Ørsta, Mikael Sylte i Vanylven, Olger Olsen i Ålesund og Angell Hestås i Sømna i Nordland.
DEI UTFLYTTE
Judith Sætre (Wefring), Åsta Masdal (Kvien) og Petter Remmen flytta til Ørsta, Judit Vattø (Halkjelsvik) til Volda, medan Johan Barstad, Håkon Buset og Andrea Myklebust (Overå) vart busette i Hareid. Kåre Årset hamna i Sula, Petra Masdal (Vatne) i Vatne, Oskar Myklebust i Norddal, Ingeborg Ødegård og Borghild Sætre (Gulbrandsen) i Oslo.
Lengst av 1921-årgangen levde Judith Wefring, ho døydde i september 2020.