DS Sjøfuglen AS vart danna 2. november 1923. Selskapet kjøpte «fiskedampskibet» ved same namn for kr 37.000,- av Aalesunds Kreditbank. Vinteren 1924 deltok båten i sildefisket, tok mellom anna 80 mål storsild på Griphavet. Om sommaren i fiske på Storegga, leverte 14 tonn rundfisk og 1 tonn kveite den 2. juli. Vinteren 1925 på sildefiske, tidleg i mars ein fangst på 500 hl ved Bokn i Rogaland. I oktober drog «Sjøfuglen» motorskipet «Hirma» av grunna ved Brønnøysund. Under sildefisket 1926 tok båten 800 kasser vårsild ved Bulandet og Feie, så tidleg som sist i januar.
Sildefiske frå januar til mars 1927. Om sommaren på Islands-silda, heim med 300 tønner saltsild i slutten av august. Under storsildfisket 1928 leverte «Sjøfuglen» mange fangstar i løpet av januar månad. Fiska sild så seint som i april. Etter å ha salta 1250 tønner sild ved Island, avslutta båten fisket månadsskiftet august/september og gjekk heim.
I 1929 fiska båten sild til kring 20 mars. Tre veker seinare drog «Sjøfuglen» til Island. Leverte 25 tonn saltfisk i Hafnarfjørdur den 23. april. På seinsommaren i fiske ved Bjørnøya, til Tromsø med 25 tonn saltfisk og 1 t kveite. I tida januar-mars 1930 minst 10 sildelastar. Frå midt i mai fiska «Sjøfuglen» ved Bjørnøya, leverte 25 tonn torsk, 4 t steinbit og 1 t kveite i Tromsø tidleg juni og 20 tonn primo juli. Agnmangel gjorde at båten gjekk til Ålesund før han returnerte til Bjørmøyfeltet.
Vinteren 1931 sildefiske, i januar leveransar til Bergen. Frå mars til september leigde Jangaard-selskapet «Sjøfuglen», med eit mannskap på 13, og tre andre fiskebåtar til ekspedisjonsfiske utanfor Vest-Grønland.
Sildefisket 1932 tok til med to fangstar allereie i romjula og varde til ut i mars. 9. januar 1933 ringa snurparane «Hovding» og «Sjøfuglen» inn eit landnotsteng på om lag 16000 hl ved øya Bareksta i Sunnfjord. 19. februar tok båten eit mindre landnotsteng ved Onøya i Boknfjorden, då i lag med «Øystein». Feitsildfiske frå juli. Den 8. august til Ålesund med 800 hl feitsild teke på Stordalsvika.
Sildefisket 1934 tok til sist i januar ved Haugesund. Frå april til juli håkjerringfiske på mellom anna Bjørnøyfeltet. Sidan feitsildfiske. Tidleg i oktober nekta fiskarane båten gå frå kai, i arbeidskonflikt med reiaren. I 1935 sildefiske frå kring 10. januar til ut i mars. Frå april/mail til ut august håkjerringfiske i Nordishavet, samla fangst 223 fat tran. Sildefiske januar-mars 1936. «Sjøfuglen» leverte 400 hl 20. januar i Flora. Tidleg i mai til Bjørnøyfeltet, fiska godt med håkjerring fram til sist i september. Båten var innom Kings Bay på Svalbard i juni eller juli.

Sildefisket 1937 varde frå nyår til fyrste halvdel av mars. Til håkjerringfiske ved Bjørnøya allereie tidleg i april, mykje dårlegare fangst enn året før. Heim i slutten av september. Ein sildefangst i romjula før det vart 1938. Truleg siste vårsildlasten frå Kvitingsøy den 8. mars. Primo april til Svalbard etter håkjerringa, som den fyrste av ni båtar frå Sunnmøre. Stort sett lite å få den sommaren, fiska frå nord om Spitsbergen til norskekysten. Sju av mannskapet gjekk frå borde i Tromsø i byrjinga av juni. Avslutta fisket ved utgangen av juli. Vinteren 1939 leverte båten meir ein ti sildelastar i tida frå nyår til 20. mars. Midt i april gjekk «Sjøfuglen» og to andre båtar frå Ålesund til håkjerringfiske ved norskekysten, Spitsbergen og til sist i Strætet, heimover med full last mit i august.
Sildefiske frå 10. januar 1940 til mars. I mai sterkt skada etter bombing.
«Sjøfuglen» kom i fiske att frå februar 1946, tok fangtar på opptil 1500 hektoliter i fyrste halvdel av mars. Frå juli deltok båten i feitsildfisket, i oktober nordover til feitsilddistrikta i Nord-Troms.
I 1947 dreiv båten sildefiske frå sist i januar til ut i april. Om sommaren til midt i september drivgarnfiske ved Island. Sildefisket 1948 tok til midt i januar og varde til midt i april. Frå midt juli til midt i september sildefiske ved, salta i tønner. I 1949 dreiv «Sjøfuglen» etter stor- og vårsilda i same perioden som året før. Midt i juli til sildefiske ved Island, heim kring månadsskiftet august/september.
Sildefisket 1950 tok til etter 20. januar, slakna mykje i mars. Sidan leverte båten 6 tonn kveite og 16 t saltfisk i Fosnavåg i byrjinga av juli. Fyrste sildefangsten i 1951 den 22. januar, siste lasten den 17. mars, landa i Måløy. I juli til Island. I 1952 fanga båten sild frå 20. januar til ut mars månad. På forsommaren kveitefiske i Strætet, reiste til Island etter å ha levert last fyrste dagane i juli. Sildefisket 1953 tok så smått til sist i januar og varde til midt i mars. Heile sommaren til ut i september fiska «Sjøfuglen» kveite og håkjerring ved Island og i Strætet.
I 1954 leverte snurparen eit titals lastar i tida frå 20. januar til mars. Tidleg i august kom båten frå Strætet med 40 tonn kveite og 7000 liter håkjerringlever. Vinteren 1955 fiska båten sild frå 19. januar til mars. Kring 27. januar mista «Sjøfuglen» heile nota grunna sprengjing. I mai og juni kveitefiske i Strætet, leverte både frosa og fersk kveite i byrjinga av juli. Det store sildeåret 1956 leverte «Sjøfuglen» fyrste fangsten i Ålesund den 25. januar. Mange fangstar i februar, vårsildfiske til midt i mars. I juni-juli fiska båten kveite i Strætet.
Under sildefisket 1957 heller små fangstar frå 23. januar, avslutta med å levere 30 hl vårsild den 2. april. I juni og juli fiska båten kveite og håkjerring i Strætet. Magert sildefiske i februar og mars 1958. Den 24. februar døydde Olav Masdal brått ute på sildefeltet. Lækjar henta med helikopter. Frå juni til september dreiv «Sjøfuglen» fiske i Strætet. Vinteren 1959 dårleg sildefiske. Sommarstida to turar til Strætet, fiska 40 t kveite den fyrste turen.
I 1960 fiska båten kveite og håkjerring i Strætet. Tidleg i juni kom «Sjøfuglen» med 6 tonn kvalkjøt og 2,5 t spekk frå Orknøyane. Frå april til juli 1961 kveitefiske i Strætet, sameleis i 1962. Deretter tok dei småkval ved Shetland fram til september. I juni 1963 heim med 4 tonn kvalkjøt og 2 t spekk frå Hebridane. Sildefiske fram til 10. mars 1964, leverte siste fangsten 90 hl vårsild i Fosnavåg.
«Sjøfuglen» vart kondemnert i juli 1964.