I 2014 fekk sogelaget hand om fem fotografi med motiv frå prærien i Nord-Amerika. På tre av bileta står opplyst kvar fotografiet er teke. Eitt av dei viser ein flokk menneske i alle aldrar, kanskje 70-80 stk, samla «July, 4 1909 at P.A. HAGGES FARM MANGER, N.D». Tre andre foto viser karar i arbeid med skurtresking. På to av desse står skrive «LARSONS THRESHING RIG ZAHL N.D» i bruk på nemnde P.A. Hagge sin farm i Manger. Det tekstfrie fotografiet med veldige kornstakkar er truleg frå same staden. Minst 16 mann har vore med på treskinga på Hagge-farmen, ser det ut til. Det siste fotografiet er frå «17 MAY 1910 VED HAUGES KIRKE, MANGER N.DAK.»

Men korleis hamna desse forseggjorde fotografia på Flåskjer. Mykje truleg har dei kome til gards med Laurits Pettersen (1882-1964). Han var bror til Lars Flåskjer som tok over garden på Flåskjer og levde eit langt liv der. Av Ragnar Standal si bok «Mot nye heimland» lærer ein at Laurits vandra over Atlanterhavet i 1907 og kom heim ti år seinare. Ei tid arbeidde Laurits hos ein av utvandrarane frå Flåvika, «Sidan var han i Nord-Dakota». Utan at ein kan seie det med visse, er det grunn til å tru at Laurits finst mellom treskarane på Hagge-farmen og som feirar nasjonaldagar.


P.A. Hagge må vere identisk med Paul Adolph Hagge (1862-1936), gravlagd på kyrkjegarden i Alamo. Både Alamo, Zahl og Manger (som eg ikkje finn i Google maps) er/var? småstader lengst nord i Williams County. Rundt om i Nord-Dakota er det i dag ei mengd «ghost»-bygningar og stader. Den enkle kyrkja er no i beste fall ruin, sannsynlegvis er ho heilt borte.

P.A.Hagge hadde ingenting med Vartdal å gjere. Han kom til Nord-Dakota i barneåra med sine trøndske foreldre.
