Meny Lukk

Om fiskeriekspedisjonen med «Kirkholmen» i 1928

Ein av Sunnmørspostens medarbeidarar råka Ivar Myklebust som i sumar var skipper på «Kirkholmen» og no nett attkomen frå fiskeriekspedisjonen i Nordishavet. Me helsa velkomen og la til at ein otte tok oss då det vart so lenge før me fekk høyre frå dei siste turen. Og avisene fortalde om orkan langs Finnmarkskysten so ma. ein av hurtigrutebåtane var ille ute av storveret. Til helsinga svara han med ein takk, men til det andre kom han berre med ein liten trygg smil, som sjøfolk plar, når landkryp fortel om sin otte for folk og båt. – Nei, me hev havt finever so å seie mest heile tida. Siste turen tok det til å bli litt kaldt der uppe, ein av fyrste turane var han litt grapsen.

Då smilar me og bryt av. Når me, landkrabbar, tykkjer det er orkan, då seier de sjøfolk berre at han var litt grapsen. – Noko i det, kanskje. Men me hadde ein god båt. Thor Iversen tykte svært godt om «Kirkholmen». Nei, me hadde ikkje noko nemnande hindring av nokon storm. Men skodda! Døgn ut og døgn inn var det berre skodde og skodde me såg, til det leid mot hausten då minka ho. Ja, skodda var so tjukk at når me stundom sette tolekniven i ho, so stod kniven der som i ein vegg.

Korleis lika de sjefane for ekspedisjonen? Var det landkrabbar? – Nei, langtifrå, dei var korkje sjøredde eller mata krabben. Leidaren for ekspedisjonen, konsulent Iversen, har vore sjømann frå han var ung, og ma. kaptein på «Michael Sars» i 12 år, so det seier nok. Magister Koefoed hjelpte Iversen med den vitskaplege granskinga og kontorarbeidet. Mannskapet hadde kanskje sine eigne tankar om desse karane når dei kom ombord, men me fekk vyrdnad og godhug for dei, det var staute og greie karar.

Korleis gjekk det vitskaplege arbeidet fyre seg? – Dei lodda, dei tok temperaturprøver frå ymse djupner og saltprøver, dei leita i fiskemagane og på flaskor og spiritus gøymde dei alt av interesse. Av ein motorkutter fekk dei eit merke som i vinter var fest på ein torsk ved Veiholmen på Nordmøre og no i vinter fiska mellom Bjørnøya og Svalbard.

Vil ekspedisjonen få noko verd for fiskeridrift i framtida? – Han var ein lekk i den praktisk-vitskaplege gransking som fiskeridirektoratet har drive i mange år. Og det er å vone at ogso denne ekspedisjon vil få sitt verd. Det vitskaplege arbeid og resultat kann eg elles ikkje uttale meg noko om. Men eg tykkjer at forsøksfisket burde vore drive litt meir utanfor der dei andre fiskebåtane brukte.

Minka fisket siste turen? – Både me og «Skallagrim» hadde den røynsla at der i år kunne drivast fiske so seint som sist i oktober. Men fisken må ein få selje i Finnmarka eller Tromsø til vanlege prisar. (Sunnmørsposten 13. november 1928)

«Kirkholmen»