Meny Lukk

Bru over Storelva i Søre-Vartdal

I fyrste halvdel av 1850-åra vart det bygt ny bru over Storelva i Søre-Vartdal. Ørstingen Ola Johannesson Ose (1801-1865) var byggmeister. Han hadde erfaring med å byggje bru, på 1840-talet leidde han arbeidet med å reise Høgebrua i Ørsta, ei kvelvingsbru som gjorde teneste til fram mot 1920. Stein til brubyggjinga i Vartdal henta bøndene frå Almestranda i Hareid. Derifrå vart steinen ført i båt, truleg seksringar, til fjøra nedanfor Vartdaltunet. Knut M. Grønnevet (1939-1931) har fortalt at frå fjøra til bruplassen køyrde dei steinen på ein slede med ei rulle under. Under storflaumen i juli 1873 vart brua over Storelva skadd, men ikkje verre enn at ho let seg vøle. Eit lite hundreår seinare, i 1947, fekk brua avløysing av dagens bru over Storelva, ei 100-120 meter nærare elvaosen. Den gamle brua var i bruk til 1952, kanskje 1953, før ho vart riven.

Foto frå om lag 1930.