Framsida av eit postkort til «Frk Aslaug Vartdal, Nils-garden, Nordre Vartdal» viser fire unge kvinner/jenter kring eit tebord, klare til kaffiselskap ser det ut til. Alle fire er kledd i nasjonalbunad, eit populært kostyme før dei lokale bunadene tok over. Helsinga til adressaten lyder slik: «Kjære Aslaug! Godt Nyaar! takk for det gamle. Helsing Anna Barstad.»
Heldigvis har einkvan skrive namna til dei fire på baksida av kortet, rimelegvis Aslaug sjølv. Ved bordet sit Johanne Vartdal (Støbakk) til venstre, og Anna Barstad (Vartdal). Mellom dei står Guri Stølen og Regine Bjørneseth. Truleg er Regine ho som står til høgre. Ho budde på Bøen (Rekkedalsgarden vart) frå ca 1913 til 1915/16. Far hennar eigde og dreiv bruket til Sevrin Rekkedal tok garden på odel. Familien Bjørneseth flytta då tilbake til Ålesund, der Regine sidan gifta seg med Olaf Gillesen frå Steigen. Anna frå Barstad tente hos slekt i Nilsgarden på Nøre-Vartdal i tida etter far hennar døydde i 1910, har sonedottera Margun Vartdal Romestrand opplyst. Om Johanne Støbakk kan du lese i ein artikkel i Minne frå Vartdalsstranda 2019.
Kva så med Guri Stølen? Svar på det spørsmålet får ein i Laagendalsposten av 29. desember 1913. Her får ein vite at Guri Støylen var ei kvinne frå Vang i Valdres som søkte og vart innstilt som nummer 1 til stillinga som jordmor i Ytre Sandsvær i Buskerud fylke. Av ukjende grunnar reiste Guri ikkje til Ytre Sandsvær før sommaren 1914, ho skulle ha teke til i stillinga 15. januar. I 1915 eller -16 gifter ho seg med sambygdingen Nils Helle og flyttar ein gong i 1916 frå Sandsvær/Kongsberg heim til farsgarden hans. Frå hausten 1916 var Guri jordmor i heimekommunen Vang, busett på Høre. 65 år gammal slutta ho som jordmor i Vang. Ho døydde i 1965.
Dermed kan ein slå fast at Guri Støylen, fødd 18. juli 1891 i Vang, ei tid i 1913 og -14 var jordmor i Vartdal kommune.
