Meny Lukk

Linebåten «Breisund», haustturen 1969

Seint laurdagskvelden 26. juli 1969 la «Breisund» (M-107-A) ut frå Vartdal, etter å ha fått ombord ein maskindel. Linebåten var lasta med 48,35 tonn agn og 134,25 tonn salt. Om måndagen gjekk båten inn til Trangisvåg på Færøyane, der fire fiskarar steig ombord. Vidare kursa «Breisund» mot fiskebanken Flemish Cap, aust om Newfoundland i Canada. Den 4. august byrja mannskapet gjere båten driftsklar. Dei oppdaga då «ca 1 fot sjø i forromet og ca 12 tonn salt hadde smeltet». Laken vart lensa og brønnen gjort rein. Same dag frå klokka 1940 kasta «Breisund» 28 liner i sørkanten av Flemish Cap, i tett skodde og nordvestleg vind, styrke 3-5. «Heilt svart for fisk». 8. august drog mannskapet 2 stubbar med 300 kg. Skipper Hallstein Brandal flytta då båten over til nærliggjande Grand Bank. «Heilt svart» der òg. Også «Hareidingen», som låg lenger sør, melde om «svart».

Den 10. august bestemmer skipperen seg for å gå nordover til Grønland. Mot midnatt den 12. slakkar «Breisund» på farta då båten kjem inn i eit is-belte det tok 15-16 timar å brøyte seg gjennom. 15. august kom karane i drifta utanfor Nunarsuit, «heilt svart». Dagen etter gjekk båten inn til Færingehamn og bunkra, den 17. fekk to av mannskapet legetilsyn i Godthaab. Dei neste døgna fann «Breisund» at det var svart både sør og nord om Holsteinborgdjupet. Den 20. skriv skipperen «Det er heilt håplaust, svart over det heile». To dagar etter konstaterer han at «Breisund» har fylt 18 kar og «det er heilt svart på Labrador-Newfoundland, so det er heilt håplause tider». Den 23. får dei lusne 70 kg på 7000 krok. Båten går til Færingehamn og handlar 10 sekkar poteter og 15000 liter olje. Den 27. er det «svart» då dei prøver seg utanfor Grønland.

Den 29. set «Breisund» kursen mot Flemish Cap att. Fram mot midnatt 1. til 2. september dreg linebåten inn 1700 kg på 23000 krok, rett nok «mykje småfisk». Dei neste døgna får dei fangstar på pluss/minus 2 tonn, den 8. september får dei 3300 kg. Ein av fiskarane vert veldig sjuk, skipperen ser «ingen annan utveg» enn å gå til lands med den sjuke, som laurdagen 13. vert lagd inn på «sykehuset Carbonear». Landliggja i Harbour Grace nyttar «Breisund» til å skaffe 7 t agn og bunkre 32000 l olje. Drifta held fram ute på Flemish Cap, avbroten av storm både den 5., den 18. og 20. Bakkingane nyttar mannskapet til å leggje om fisk.

Den 23. oktober kursar «Breisund» nordover mot Grønland att, to dagar seinare kastar båten på Namnlausebanken. Etter å ha bunkra olje, vatn og salt i Færingehamn, får dei 400 kg på Sukkertoppbanken den 30. 1. november tek mannskapet 1500 kg ute mot kanten av fiskebankane, NW av Hamburgerland. 4. november hentar dei 2 fotoceller hos «Ramoen». Etter over ei vekes tid med døgnfangstar mellom 400 og 1800 kg ved sørkanten av Holsteinborgdjupet, prøvar «Breisund» seg på «ryggen» og fiskar 3600 kg den 14. november. Dagen etter får dei restane av eit trålnett på propellen, restar som vart fjerna av froskemann i Holsteinborg, seint måndagskvelden 17. november. Frå den 21 bakkar dei i over tre døgn grunna storm. 30. november noterer skipperen at dei har fått 467 kar i alt, fem dagar seinare berekna til 153 t saltfisk. 6. desember er det dårlege forhold i 16 minusgrader, tek likevel ombord 3000 kg.

Brukta vart avslutta 9. desember klokka 0200, mannskapet gjekk i lasteromet for å leggje om fisk. Den 10. var «Breisund» i Færingehamn, der det vart arbeidd med ei brennstoffpumpe. Dagen etter gjekk båten sørover i fylgje med «Bjørkhaug» og «Ramoen». Dei heldt seg langt ut frå land, 24 nautiske mil ved Nunarsuit. På turen mot Kapp Farvel, som dei kryssa ved 58’10’’, såg dei isfjell, men berre lite av eller ingen is-knultrar. Vel ute i Atlanterhavet stima dei den 15. i tung sjø frå nordvest, dagen etter stampa båten vidare i motvind. Om ettermiddagen 17. var «Breisund» innom Trangisvåg, før ferda endar med at linebåten legg til kai ved tollbua i Ålesund klokka 0545 fredagsmorgonen 19. desember. Fire timar seinare er lossinga av frosnevarene i gong på Skjerva. Klokka 1720 legg «Breisund» stilt til jul, ved sida av «Vesleper». Saltfisken vart lossa i romjula og på nyåret fram til 7. januar.

Nyombygt «Breisund» i 1963.

Kjelde: Dekksdagbok for M/S «Breisund», 1969-71.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *