Meny Lukk

Namna som forsvann – Berte

Eit søk på internett-portalen Slekt og data sine sider (slektogdata.no/gravminner/finn-en-grav) listar opp 11 avdøde på Vartdal kyrkjegard med Berte til fornamn. Oversikta syner at Berte Vartdal (1897-1980) er den siste med det namnet lagd til kvile på vår lokale gravplass. Under folketeljinga i desember 1910 var den same Berte frå Toregarden på Myklebust den yngste av dei 13 fastbuande som hadde Berte til fyrste fornamn. Eit sideblikk til Ørsta kyrkjegard avslører at ørstingar døypte eit nyfødd jentebarn for Berte i 1912, om ho var den siste kristna til det namnet i Ørsta skal ikkje forkynnast med visse. Utan å ha full oversikt over seinare namngjeving, ser det ut som om namnet Berte kom i ei form for vanry kring 1900. Kan hende vart namnet oppfatta som «oppbrukt», eller det vart slått ut av nyare jentenamn som til dømes Borgny, Berit og andre. Kor som er, Berte-namnet har til denne tid ikkje vore tillokkande på unge foreldre.

Berte Volle (1864-1947) var busett i Vollegarden i Nøre-Vartdal frå få år etter det forrige hundreårsskiftet. I åra frå 1886 til 1907 sette ho 11 born til verda. Sverre Volle tok dette fotografiet av mor si kring 1915, kanskje var ho på veg til eller frå fjøsen.

Namnet/namna Berte og Birte er såkalla forvanskingar av Bergitte og Birgitte. Før 1900 levde vartdalingane i ein talekultur. Trestavings-namn som Bergitte var lite praktiske for tunga, dermed kutta ein ut mellomstavinga i Ber[git]te og sa Berte. Firstavings-namn som Karoline og Nikoline vart forenkla til Kalla og Nikka.