Meny Lukk

Liset-Ola om fiskje og fiskarliv

Sjur Nilsson Nørevartdal (1801-1880), far til Ola, var rorskar (leigdemann) for madam Schelderup på Fyllingen i Borgund. Han var der i 9 veker og fekk 5 dalar i løn og maten. Madam Schelderup flytte seinare til Ålesund.

Klokkaråret 1854. Nordvesten byrja fredag og heldt fram laurdag. Fastelavnssundag var båra stor. Sunnanom Øggaren og nord til Festøy låg klokkar (uer) langs heile fjøra. I Garvikine i Nøre-Vartdal låg det så tjukt med klokkar at det rokk på tjukkleggen, og dei køyrde mange lass til gards. Dei reiste bortpå med båt og sanka dei fulle med klokkar, ei og anna longa og noko torsk.

Vi låg fire båtlag i ei smie på Sandshamn ein gong [på sildefiske ca 1863]. Der var så fullt av folk at der var ikkje hus å få. Sume la seg i fjøsane, løyste kyrne og la seg i båsane. Kaldt så folk ville frysa i hel. Vi leverte silda til ein dei kalla Spanske-Bakke i Ålesund. Hagelsten, bryggemannen hans, låg der med ei jakt og kjøpte sild. Vi selde på tal. Mykje arbeid å telje. Ein kveld fekk vi 4000 sildar. Prisen var 1 ort 4 skilling for eit stort hundre (120). Då vi hadde levert sild, ville Hagelsten spandera kaffi på oss. Fyrste gongen vi smakte kaffi. Om kvelden koka vi sild og sildesupe. Silda hadde vi opp i eit dryftetrog(?), og supa i eit skyrtòl. Silda var feit og god, så vi bløytte oss nøgda sildemylje. Vi fekk låne fat å ha mylja i. Vi byttest åt 2 og 2. 4 båtlag låg i smietyfta den gongen.

Ein gong vi låg ute ved Flåvær i sildefiske fekk vi låne ei noko stor gryte til å koka graut i. Vi skiftest om gryta, 2 og 2 båtlag som koka om gongen. Men sume hadde så mykje mokk at der vart graut til 4 båtlag. Det var sidan kalla Den store Flåværgrauten.

Folkeminne nedskrivne av Johan J. Haddal kring 1920.

*Ole Sjursson Liset (1843-1922) var opphavleg frå Sæssnilsgarden i Nøre-Vartdal. Etter han gifta seg rydda han Liset-bruket på Ytre-Hareid. Han var ein ordhag og sogekunnig kar.

*Madam Schelderup = ganske sikkert Anne Schjeldrup (1793-1873), av kjøpmannsætta Rønneberg, enkje allereie frå 1830.

*Spanske-Bakke = Lars Andreas Bakke (1822-1881), kjøpmann i Ålesund, fødd på Tyskholmen i Borgund.

*Hagelsten = Nils Simonsen Hagelsten (c1832-1870), bergensar som budde i Ålesund frå 1862 til 1866/68, flytta tilbake til Bergen.