Fiskarane frå Vartdal var like fram til 1920 nøydde å fare ut på øyane ved storhavet og ligge der i fiskjetida. Dei reiste soleis til Godøya, Giske eller Vigra og innlosjerte seg i stovene med øyekarane. Frå Vartdal låg dei den eldste tid kanskje mest i Godøya, men det er ogso fortalt at nokre låg på Alnes. Av og til låg dei på Hareide, ja, til og med i Sula, men det var vel enkeltvis når fisken tok inn med Sula.
Eg veit at vartdalsfiskarar låg i ei oppsett fiskjeværstove på Havsteinen. Far min sa at han hadde vore med der, visstnok i tida kring 1855-60. Båtane var fortøya på nordaustsida. Dei hadde då utfar av store steinar med tjukke tog-rubbar i og so brukte dei landtog som båtane låg fast i og svinga etter vinden. Vart det sterk vind og sjøen stor vart båtane tekne på land og framsette. Gamle Anders-Pe på Alnes fortalde at dei på Alnes ogso hadde tog-rubbar med stein i til fortøyning. Når veret vart stygt var det vanleg at dei sette fram annankvar båt, og so tok dei to rubbar på kvar båt av dei som låg att. Og når dei lovde ein daler til Spitalen (Spedalskeheimen på Molde), då låg dei trygt, sa han. Fiskjeværstova på Havsteinen stod visst ikkje i long tid. Derimot bygde dei fiskjeværstove i Støbakkvika på Godøya, ho var i bruk frå 1860.
Det var visstnok ørstingar som fyrst feste og bygde seg hus i Fyrkenholmen. Det er opplyst at Albert Melle, Ørsta feste seg tuft i 1840, og utover då vart Fyrkenholmsundet teke i bruk som hamn. I tida frå 1840 og utetter vart der bygt mange fiskjeværstover på båe sider av sundet, der vart etterkvart ei stor samling av båt frametter mot 1890-åra. Då minka det heller fort av. Den gode snørefiskejtida med møringsbåtane dabba då av, og dei båtane som kom i staden gjorde ikkje fiskarane so stadbundne til fiskjeværa.
Fiskeværstovene var gjerne store timrehus kjøpte i Romsdalen. Dei stod gjerne på høge murar, der kvart båtlag hadde sine rom til å salte fisken i. Timra i huset var gjerne i eitt eller fleire rom ettersom den var stor til, den rakk til vanlegt om lag halve vidda av huset. Dei timra roma var daglegstova, matstove og arbeidsstove. Der var langbord kring veggene til å æte på. I landlege stod gjerne oksastabben midt på golvet for ymse landlege-arbeid.
Den andre halvparten av huset var sval, med berre enkle bordkledningsvegger ikring. Der var dei sokalla kisteroma. Kvar mann hadde alltid med seg ei kiste med mat i: Flatbrød, lefse og kake, ei stor smørøskje, eit salta fleskestykke og ein spikekjøtlìm o.m. Kvar mann hadde òg med ei tunne med ei våg poteter i, opp på fylt med seng- og gangklede. Gangkleda vart so hengde på veggen bakom kista til kvar mann i båtlaget. Til matutrustninga høyrde òg eit tol med surmjølk til grautasul, ein liten dall med søst eller brødgraut og i lang tid eit anker heimebrygga øl. På loftet var sengrom, der var oppsett seng over seng fastspikra på veggene. Til sides med med stova var òg eit lite rom med gruve i til kjøkken.
Nedanfor huset hadde kvart båtlag ei fiskehole, der var mura med store steinar kringom. Ho rømde minst 1000 stk fisk kvar, og meir. Der vart fisken framboren og fråseglagd etterkvart som den vart førd i land. Frå desse fiskeholene vart fisken so teken att, sløgd, flekt og salta i fiskeroma som kvart båtlag hadde. Var det jamt sjøver var det gjerne vanskelegt å fisken i salt i rimeleg tid.
Det var kokkene som var faste verkarar, men dei hadde på jamnen 2 båtlag å koke åt, so det var vanskeleg for dei å greie alt. Ein mann av kvart båtlag vart gjerne sett att heime for å hjelpe til med fisken og få tak i verkarar, helst gjenter frå øya, dei var den tida gjerne vande med slikt fiskearbeid. Vart det landlege so verka kvart båtlag sjølve fisken dei hadde fått. Det var lita betaling for å verke fisk. Og det var ufyse og travalt, især når fisken låg ute og det var kulde og snøv. Betalinga var i lang tid 1 ort (80 øre) for å få i salt 100 stk torsk. Seinare vart det 1 krone, det var den vanlege betaling like til 1908.
Tida 1870 til 1895 stod fiskjeværstovene på båe sider Fyrkenholmsundet. På Valkvæsida stod nest ut med sundet Bokkestova, ei gamal stove som Martin Løvik hadde sett opp, ho vart seinare kjøpt av Steina-Johannes og Sessnils-Ola i Nøre Vartdal, den rømde 3 båtlag. Dernest stod Raudestova, oppsett av Amund Sætre, Ola K Myklebust, Johannes K Buset og Ivar Valkvæ, den rømde 5 båtlag. So var det Fredsberg (eller Masdalstova), oppsett av Andreas Rotnes og rømde 2 båttlag. Dernest stod eit stort tranbrenneri med rom i andre høgd for 5 båtlag. So stod då inst inne Storsupen. Den skulde gi rom for 25 båtlag vart det sagt, men der var visst aldri meir enn nokre få båtlag og om stutt tid heilt tomt. Tranbrenneriet og Storesupen var visstnok oppsett av eit partlag av fleire, både kjøpmenn og andre. Det vart stort tap for eigarane av disse bygga, som fleire gongar skifte eigar med store tap for alle.
I Fyrkenholmen var mange fiskjeværstover og kvar hadde sine særskilde namn. Eg ritar opp utanifrå: Sulboststova, Pedersstol, båe oppsett av folk frå Sula i Hareid. Storebrakka eigd av folk frå Ørsta, td Rasmus Melle. Melsstova, eigar Knut Melle mfl. Donderoff, Kvitebuda. Dirneshunden, eigar Nils Digernes mfl. Albrektstova, oppsett av Albrekt Årsnes. Viktoria, Vidianna og Håvollstova, visstnok oppsett av Ola Håvoll. Donderoff, Kvitebuda, Viktoria og Vidianna tilhøyrde eigedommen Fyrkenholmen og skifte eigar fleire gongar saman med den.
Frå 1886 tok fleire og fleire til å flutte til Alnes. Dei fyrste var Andreas A. Sætre og Matias J. Nørevartdal. Etter kvart for fleire dit ut. Moloen var bygd der i 1890-97, og landingsforholda betra seg etterkvart. Ein slapp å fare inn og ut det leide Giskesundet med storm og drevróser. På Alnes låg til sist alle Vartdalbåtar på 2 nær, like til fiskarane tok til å gå heim til Vartdal med fisken. Fyrste året var 1920.
Landlegearbeid
I vintermånadene var det tidt ruskever med lange landlegebolkar. Då snørefiskarane hadde lite arbeid med fiskevegna, vart landlega nøytt til mangt slags arbeid. I den eldste tid var det arbeid med ymse gardsreiskap. Det kunne vere treplogar, trehorver og tregreiper. Dei smida rivehaud og tinda dei, og mangt anna som kom til nytte i gardsdrifta. Mange sauma sko, kanskje til heile huslyden. Andre arbeidde selety åt øyken. Det er soleis fortalt om tvo grannar, namna kan vere det same, dei budde båe her opp i bygda. Dei laga seg kvar sitt seleyrve. Den eine skreiv på seleyrvet: «Gud lat meg alltid fare vel». Han tykte vel at han køyrde i urydde vegar og bratte, kanskje. Den andre skreiv på sitt seleyrve: «Gud lat meg alltid fare fort».
Dei unge gutane var gjerne mindre arbeidsomme i landlega. Men sume fann på mange ting, især om dei var so langt komne at dei lurte på giftarmål. Då fann dei gjerne på å lage ymse ting åt den påtenkte ektemake. Det kunne vere beretre som gjenta skulde ha når ho gjekk på sætra. Dei kunne vere fint utskorne, rosa og krita med namn på. Der vart vidare laga fine treauser, vevskutlar og meir som kunne kome til nytte når dei skulde setje fot under eige bord. Alt slikt var framifrå fint gjort og oftast med namn på.