Meny Lukk

Åmund-Nils

Åmund-Nils var fødd i Sæssnilsgarden i Nørevartdal. Far hans var frå Åmundgarden på Sætre. Mor hans døydde på barnseng då han vart fødd, og då tok farbror hans, han Gamle-Åmund på Sætre, han til seg – då han var barnlaus – og der vart han Nils all sin dag.

Han var ein tettvaksen kar, sterkhelsa og tolde både varme og kulde. Sjølv hadde han det ordtøkjet at han ikkje hadde kjent det korkje for heitt eller for kaldt. Han kunne legge seg i heitaste solsteiken til å sove der inga vindsnoe tok, men han kunne òg legge seg i båten i gnallefrost og sove sin somn – og når han vakna skok han på akslene eit par gongar og so var han i vigør att.

På sjøen var hans lyst, anten det var heimebruk med not eller line, eller om det var med sunnmørsottringen ut på sjøen. Han var ein gløgg og kjend styremann som i kave og myrker kjende dei ymse fall på lyden når det braut. Sidan han hadde vorte gamal og hadde slutta å bruke båt sjølv, var han god å få med seg for nybegyndarar som styremenn.

Fylgjande er meg fortald av min morbror Hans L. Sætre, der var med då dette hende. Gulik-Rasmus var nybegyndar som styremann, han hadde fått Åmund-Nils med seg det året. So var det ein uverskveld med søskjelle og kave dei hadde kryssa innover og hadde lite greie på kvar dei var. Brått so høyrde dei at det braut framfor dei – Nils la seg ned i båten, la øyra til bordinga og lydde – og so sa han, «dette er Oddeboden». «Snu båten vestover so oss kjøm oss sud om falla». Det vart gjort og dei stod vestover ei stund med frisk frålandsvind. Brått so ropa kjempemannen, han Sambraut-Pe frå Ørsta, at «no bryt frammafyre igjen!» «Å, no lyge du», svara han Nils. «Her er ingenting i vegen, eg tenkjer det er duren frå sudvesta som svarar atti landvinden, du høyre.» «Snu båten innattover. No hev me god vind og rein leid» – og nett so var det.

Kjelde: L.K. Grønnevet: ’Ymse segner og særgivnader om nokre av dei gamle styremennene’.

Åmund-Nils=Nils Nilsson Sætre (1799-1879), brukar av Åmundegarden på Sætre (6).

Gamle-Åmund=Åmund Sjursson Sætre (ca.1763-1828), brukar av Åmundegarden på Sætre (6).

Gulik-Rasmus=Rasmus Jetmundsson Sætre (1829-1882), brukar av Gullikegarden på Sætre (1).

Hans Larsson Sætre (1841-1913), brukar av Larsgarden på Sætre (5).

Sambraut-Pe=Per Andersson Engeset (1823-1891), brukar av Sandbrauta på Engeset (6) i Ørsta. Han var syskenbarn til Gulik-Rasmus.

Oddeboden/Oddebåen er ein bòde 4-5 kilometer vest om øya Erkna i Giske.