I 2019 fekk Sogelaget ein kopi av eit fotoalbum Hjørundfjord Sogelag har digitalisert. Fotoalbumet tilhøyrde Laura Hustad (1898-1979) i Bondalen. Ho var opphavleg frå Plassen, brnr 2 på Buset, morsystera til mellom andre Johannes H. Buset og Målfrid Vartdal. Laura var gift med småbrukaren, fiskaren, arbeidaren Karl P. Hustad. Dei fekk ikkje born.
Til dette biletet av 8 mann om bord i ei skute under klargjering til tur, truleg i Ålesund, er det notert «Nokre ishavsfiskara[r]». Fotografiet kan vel vere frå ca 1930, pluss minus. Meiner du å drage kjensel på ein eller fleire av karane, ikkje nøl med å kommentere. Sjølv vågar eg seie at karen lengst til venstre i fremre rekke har likskap med Reidar Bjerknes. Kan det vere far hans, tru? Og er det Rasmus J. Sætre (Gulke-Rasmus) som står lengst til høgre. Karen heilt til høgre i fremste rekke kan vere Karl P. Hustad, ektemaken til Laura.
Kunnige folk meiner dei tunge spela på dekk talar imot at dette er ei ishavsskute. Meir truleg er det eit farty utrusta til kvalfangst. Ein veit elles at Rasmus Bjerknes var med «Kirkholmen» på bottlenosefangst sommaren 1927.