Meny Lukk

Nausta i Årsetvika

Halvor Vreim (1894-1966) var ein kulturhistorikar «som vigde heile sitt yrkesaktive liv til stell av vår gamle bygningsmasse, særleg gamle trehus» (Norsk biografisk leksikon). På ei studieferd gjennom Sunnmøre i 1934 tok han bilete av ulike eldre trehus, mest løer og stover, men òg naust, troskot og skogaløer. Utifrå biletsamlinga synest det som bygdene Stordal og Stranda har vore hans primære reisemål. Nokre fotografi viser han har vore innom Ålesund på reise til Ørsta. På turen med fjordabåt har han under stopp på Vartdal teke eitt bilete av naustrekka i Årsetvika.

Kva naust som høyrde til kva gard, det veit nokon av dokke betre enn underskrivne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *