Meny Lukk

Møbelfabrikken ved Storelva i Nøre-Vartdal

I 1917 bygde Laurits P. Alnes (1886-1967) ein møbelfabrikk i to etasjar på austbarden av Storelva i Nøre-Vartdal, ei 100 meter frå Vartdalsfjorden. Under namnet Vartdal Trevare tok han til å framstille vindauge og dører. Elektrisk kraft til å drive maskinane, eit par av dei finst framleis i bygninga, fekk han gjennom vasskraft frå ei kvernveite utleidd frå Storelva. Ein svoger og Johannes Festøy var tilsett ei tid, inntil dei dårlege tidene etter 1. verdskrigen førte til at drifta vart lagd ned. Men Alnes-familien vart buande i fremste delen av den andre etasjen til etter andre verdskrigen.

Frå 1940 til 1964 dreiv Oddmund Alnes, son til Laurits og Ragnhild f. Rotnes, Vartdal Møbelverksted A/S. I bokverket «Det norske næringsliv» frå 1953 står det at «Firmaets spesialitet er polerte senger», kanskje var det ei slik seng som hamna på Velferdshuset i Færingehamn på Vest-Grønland. Elles laga arbeidarane mange slags møblar. Ivar S. Vartdal, Peder Masdal og Ola Roth var mellom dei som i årevis henta inntekt gjennom verksemda.

Fabrikkbygninga står framleis, kloss inn til europavegen. Vedhengde foto tok Sigmund Sætre kringom 1946 frå Åbakken.

1 kommentar

  1. Knut Alnes

    I byrjinga var det ikkje elektrisk drift av maskinene. Det var vasshjul og eit intrikat system av reimer. Laurits kjøpte retten til å ta ein vesentlig del av vassføringa i Storelva. Denne vassretten vart seinare utnytta av Gjølaks A/S som Oddmund Alnes starta nedanfor brua i osen av elva.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *