Meny Lukk

Sætretauser på Høgebakken i 1912

13 sætretauser stilte til fotografering då unge Sverre Volle hadde med seg fotoutstyret sitt på Høgebakken ein sommardag i 1912. Dei 13 kvinnene og jentene er, frå venstre framme: Sevrine O. Volle (1869-1952), Hansine Hatlehol (Andersen) (1892-1916), Anna M. Ødegård (1876-1953), Anna A. Sætre (Godø) (1897-1987), Dagny Volle (1900-1989). Bak fv. står Eline Aarskog (Moldsvor) (1891-1977), Anna O. Barstad (Vartdal) (1892-1931), Nikka Hatlehol (1893-1972), Paula Vartdal (1896-1994), Mina I. Vartdal (1891-1969), Vidia Aarskog (Kristoffersen) (1887-1981), Ragna J. Vartdal (1896-1961) og Nikoline Aarskog (Trandal) (1890-1985).

Med unnatak for dei to systrene frå gardsbruket Indre Hatlehol i Borgund, var alle dei andre sætretausene vartdalingar. Med nokså stor visse kan ein hevde at Anna M. Ødegård sætra for Øydgarden (brnr 1), Dagny Volle for Vollegarden, Anna O. Barstad for Nilsgarden, Paula for Bakken, Mina for fremste Toregarden og Ragna for Steinagarden. Om dei tre jentene frå Årskog sætra på Høgebakken, skal ikkje seiast for sikkert. Det kan vere at dei kom frå Årskogsætra for å verte med på biletet.

Biletet av dei 13 sætretausene må vere teke i samband med vitjarhelga, då mange av dei har kledd seg opp i nasjonalbunad. Vitjarhelga fann årleg stad i august, gardsfolket kom då til sæters og vart trakterte med smakfulle mjølkeprodukt i festleg samvere. Høgebakken var sæter for matrikkelgarden Nøre-Vartdal frå 1861 og for Øydgarden frå 1874. Sætringa tok slutt i 1947.

Til sist eit lite apropos. I andre rekke står dei, frå venstre til høgre: Anna O. Barstad som vart gift med bror til Paula, som vart gift med bror til Mina ved si side, Mina som på si side vart gift med bror til Ragna.