Meny Lukk

Namna som forsvann – Åmund

Åmund var eit ganske vanleg mannsnamn på Vartdal i 1600- og 1700-åra. I kring 15 representasjonar finst nemnde i Vartdalssoga I. Ein Åmund på Årskog i 1816 og Åmund Nilsson Sætre (1824-1900) var dei siste som vart døypt Åmund. Sistnemnde vart oppattkalla då ein soneson i 1887 vart namngjeven med varianten Amund, ei skriftform som har rot i andre norske dialektar. Truleg vil forma Amund stå i vegen for at Vartdal-foreldre, helst etterkomarar av Sæss-Åmunde (sagt med svarabakhti-vokal), finn på å kalle ein son sin for Åmund. Namnet er elles ei avleiing av det gammalnorske Ogmund.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *