På dette fotografiet, som femtenåringen Sverre Volle tok av Nils-folket i Nøre-Vartdal, ser ein husbonden Andreas M.P. Vartdal (1870-1941) og kona Laura på kora side av ei likkiste. I den opne kista ligg Sverre, sonen deira som døydde den 6. september 1912 og vart gravlagd fire dagar seinare. Kyrkjeboka fortel at guten døydde av «Mavesykdom» 16 veker gammal, dokter hadde vore tilkalla. På kvar si side av far og mor står borna Peder, 13 år, og Aslaug, 6 år. Sverre var elles ikkje det fyrste barnet Laura og Andreas mista, småjenta Solveig døydde i 1907. Og Laura sjølv måtte late livet av tuberkulose allereie i 1916.